onsdag 30. desember 2009

Kva ein gjør når nokon ikkje kan la tapeten være i fred

Dei to yngste har i eit par uker nå revet litt og litt tapet på gangen. Det hjelper ikkje kva me seier, området vokser sakte men sikkert.
Den eine tingen som har hjulpet er å sette den store kofferten forran men den skal eg ha med meg på jobb snart
Så det har vore litt grubling på kva me skulle gjør.

Ein dag slo det meg, veggteppe!!
Då var det å finne fram egna stoffer og prøve seg litt fram, eg er dårlig på dette men eg fant ein kombinasjon eg likte.















Slik blei det ferdig. Stoffene er ein kombinasjon av nytt og gammalt
Hodeskallane er eit gardinstoff som eg egentlig skulle trekke bruke til å trekke om eit bilsete. Det blei for lite til yngsteman før eg fekk somla meg til å trekke om.
Baksida som er rød og det grønne er gamle laken eg har fått av mor. Det strippete er noko eg har kjøpt på Jysk, veldig tynt.















Etter eindel fram og tilbake og mye roting i knappane blei opphenget slik.

Sånn innimellom når eg orker er det meininga att hodeskallane skal få knappar i augeholene.

Men ikkje akkuratt nå, etter å ha sydd i to dagar er eg glad for att teppet henger på veggen.







lørdag 26. desember 2009

Nøstebarnbukse ferdig.


Denne buksa har eg holdt på med ei god stund nå, idag blei trådane festa og eg har tredd i strikk. Den er strikka i 3-tråd bånsullgarn, 3 fargar med 4 runder pr farge. Eg har ikkje veid buksa ennå men det er nok rundt 100 gr igjen + -.

Nå er faerytale kjolen min henta fram igjen, framstykket er endelig ferdig og eg skal til med ryggen. Lurte lenge på om eg skulle strikke opp maskane til ermet men har komt fram til att eg nok tåler litt montering.

For eit par dagar siden fekk eg ei viltsteik av han som bestilte ein "body" i voksen str. Kjekt å få positiv tilbakemelding.

fredag 25. desember 2009

Hakka lue til mannen.

Til jul fikk eg "hakk og pjon" instruksjonsdvd, den blei åpna leeenge før jul. Av den lærte eg å hakke strikkemasker og har hakka lue til mannen.

Først er det hakka 2 kroks hakking fram og tilbake to riller etterpå rundhakking med 2 tråd bjørnegarn på utsida og sandnes alpakka på innsida.
Mønsteret er blitt til underveis med prøving og feiling. Alpakka kan være litt vanskelig å rekke opp har eg funnet ut.

Ein gave som ikkje blei åpna før juleaften var kamera, så nå bør bildene bli betre. Den lille pcen min har port for minnekortet i kamera så det er enkelt å føre bildene over.





søndag 13. desember 2009

Lommetøfler


Disse lommetøflene er i bruk daglig på brakka. Herlig å vrenge av seg klamme sko og sokker etter ein lang dag på jobb og ta på seg tøflene.
Ribben er strikka på maskin, 70 masker - 60 rader og fellinga for hånd på pinne 2 mm.
Garnet er tynt strømpegarn husker ikkje navn eller produsent lengre.
Dei er kjempegode å ha på og veldig enkle å lage.

søndag 22. november 2009

Feminin baskerlue.


Nå har eg strikka like luer til to søstre, den blå er allerede i bruk den røde blei fullført i 3 kaffien på fredag.
Har tenkt på å strikke ei til må bare fundere på farge først.
Luene er strika i mor åse garn og det går med to nøste.
Nå trenger eg eit nytt arbeid til å jobbe med i pausane på jobb, prøvde med vottar på lørdag men det var ikkje så enkelt (måtte ha med 2 pinnesett og mønsteret).
Er godt igang med vott nr 2, str 6-8 år og eg håper dei blir fullført før jul.


fredag 6. november 2009

Hekla lue


Denne lua har eg hatt med meg til jobb og hekla på i pausane, det tok litt over ei uke.
Den er hekla i fabel med 3 mm heklekrok, den var egentlig litt for kort men har fått to omganger til nederst i rødt. Det har eg ikkje bilde av for den blei gitt bort til ein kollega da eg reiste hjem.

lørdag 31. oktober 2009

Grønn vest.

Denne vesten er min, den er strikka av grønn alpakka fra du store alpakka. 3 ganger har eit prosjekt av dette garnet blitt rekka opp før det endelig blei noko.
Mesteparten er strikka på maskin, salen og vrangborden nede er strikka for hånd.
Det med maskin tok max 15 min, resten brukte eg heile friperioden på (feste siste trådane på søndagen). Som vanlig er bildet så som så men det er mørkt når eg går på jobb og mørkt når eg kommer tilbake. Fargen minner meg om gras.

Eg har så smått begynt på genser til eldsemann og har etterkvart innsett att 2 mm pinner ikkje er rette str, krise det er einaste eg har med meg. Heldigvis har eg 3 mm heklekrok med, eit nøste fabel blir sakte og sikkert ei lue i kaffepausane. I motsetning til da eg jobba på Snøhvit er det ingen som protesterer på heklinga/strikkinga mi her på Stord.

søndag 11. oktober 2009

Sveisepinner kan brukes til mye rart.

Litt merkelig tittel?
"Hakke"kroken på bildet er ein sveisepinne som er bøyd i enden.
"Garnet" er krittsnor.

tirsdag 6. oktober 2009

Trøye/vest i mini alpakka.


Denne satt eg og gjorde ferdig på søndag for å bruke på jobb. Den er for lang og vid til å brukes når eg jobber men fungerer kjempegodt som natt tøy.
Eg har ein vest under produksjon det går litt seint, 13 cm ved sist måling.
Under 2 t etter eg hadde reist søndag hadde eg eldstemann på telefonen, han frøys på beina og fortalte att han trengte tøfler. Tror det er ein god ide til advent kalender.

lørdag 26. september 2009

Babybukse

Bukse i str 62-68 er ferdig, den er strikka på maskin med håndstrikka rillekanter. Garnet er sisu fantasy og knappane er noko eg hadde liggande.
Grunnen til att eg endelig tok meg sammen og gjorde ferdig buksa er att den skal gis vekk til ein liten gutt.

Eg veit det er dårlig bildet, telefone synger nå på siste verset den lader dårlig og skal byttas ut før eg reiser på jobb igjen. Håper eg finner ein ny med godt(betre) kamera enn det eg har nå.

torsdag 10. september 2009

Fleire baby sokkar.

Det var så kjekt å strikke babysokkar att eg måtte strikke eit par til, det var nok garn til lua også (av 50gr er det ennå litt igjen). Garnet eg har brukt denne gangen er silja og pinne 2,5mm. Det blir nok strikka fleire av disse.

Har lånt ei bok på biblioteket om nupereller, ikkje så vanskelig å få til knutane men litt verre å få dei jevne. Kommer nok ikkje til å fordype meg noko særlig meir i det.

søndag 6. september 2009

Har strikka litt på Stord også.

Omslagsbody fra boka Myk start, den er strikka i fabel og knappane er nokon eg har hatt liggande. Rett og vrang på tynne pinner går utrolig seint, att eg har blitt ferdig er bare på trass.
Mønster på disse er i boka nøstebarn og garnet er ull/angora ein rest etter eg strikka ei babybukse før jul ifjor. Egentlig skal dei strikkas på 2 pinnar og sys sammen under og bak. Det ville ikkje eg og har strikka rundt på strømpepinnar. Kanskje er det nok garn igjen til lue.

lørdag 5. september 2009

Forandring i planar.

Idag bestemte me oss for å ta ein tur til Kongeparken sammen med nabofamilien. Da me kom fram fikk me vite att heile parken var reservert for søndagsskulen, det var enormt mye folk. I informasjonen utfor fikk me billeter til eventyrland (tidligare Havanna Badeland) og bestemte oss for å reise til Sandnes.
Ungane var litt skuffa for att me ikkje kom inn i parken (særlig eldstemann) men det endra seg fort da dei fekk se eventyrland. Så veldig mye såg me ikkje til dei i løpet av den tida me var der, dei sprang rundt og lekte. Å skyte ballar var veldig populært ellers var det rutsjebaner, hoppeslott, trampoline og mye klatre/krype labyrint.

fredag 4. september 2009

Plutselig tilbake.

Det har vore liten aktivitet dei siste ukene. Grunnen er enkel, eg har ikkje somla meg til å installere nytt antivirusprogram.
Ein kollega anbefalte avg så da prøver eg det. Heilt på egenhånd har eg kjøpt (på nett) og installert antivirus og brannmur heilt aleina.

På Stord er det ca 5% av arbeidarane kvinner, først og halve andre tur har eg jobba med ei. Me to kom godt overens, desverre kom ho til å ramle og brekke beinet (nederst på leggen). Eg blei med ambulansen til legevakten/sukehuset, og venta sammen med henne i eit par timar.
Etter jobb var eg og ein annan kollega innom sykehuset med litt klær og toalett saker. Ho er nå sykemeldt i 8 uker foreløpig.

Idag festa eg trådar på J si bukse, han bestilte umiddelbart jumper og sokkar i ull. Han blir glad for det meste eg syr eller strikker.
Ein omslagsboby strikka i fabel er nesten ferdig, holder på med andre ermet. Er litt lei av heile greia.
Skal gjøre ferdig nøstebarn dressen, den er lova vekk.

tirsdag 28. juli 2009

Pc veske

Det tok ikkje lang tid å sy denne.
Eg hadde ikkje mønster eller framgangsmåte men tok ting som dei kom.

Utgangspunktet var ein bit 0,5 mm tykk skumgummi som eg klipte litt og litt av til den passa rundt pcen.

Hjørnene måtte sys for hånd til slutt, det er gjort og veska er klar til bruk.

Det er dårlig lys idag, stoffet er brunt og veldig rosa. Mye friskare enn på bildene.





mandag 20. juli 2009

Ferdig på 1 dag.

2 nøster med Hubro og heklekrok 8 mm så gjekk det rimelig fort å lage denne.
Veska er hekla og hanken er strikka, det er bare småbitar igjen av garnet.

fredag 17. juli 2009

Mobilisering

Fekk ein påminnelse om att ferien ikkje varer evig, mobilisering til Gjøa prosjekt på Stord 3 august. Greit nok, det blei som eg trodde 11-10 rotasjon.
Nå kommer denne lille søte pcen godt med, den får nesten plass i baklomma.

Eg og strikkemaskinen kommer til tider godt overens, andre gonger ikkje fullt så bra. Har den siste uka strikka vinflaske trekk og ribbestrikka pannebånd. Holder på med ny ullbukse til yngstemann og tynne tøfler til meg.
Det går bittelitt seint pga håndleddet.

Nabolaget har planlagt venners venner fest (med kostyme påbud) i midten av august. Og nå er me alle utrolig hemlighetsfulle og gleder oss fælt. Eg skal sy kostyme sjøl, av stoffer eg har. Vanskelig å komme på noko men det kommer vel etter kvart.

fredag 3. juli 2009

FERIE

Igår var siste dag før ferie, det var også siste dag i Egersund.
Idag er me reist til Rosendal, ungane har gleda seg enormt. Kva me skal gjer dei neste 2 ukene alle 5 har fri veit me ikkje ennå. Ungane har imponert meg veldig, 4 timar i bilen uten pause gjekk kjempegodt.
Nå sitter me å venter på resten av familien min, dei tok ein pause og tok oss utrolig nok ikkje igjen (me er vanligvis sist).

Når ferien min er ferdig er Kashagan prosjektet avslutta og lekter 20 seilt, 2 mindre prosjekter i hallen er også avslutta og det er ikkje arbeid igjen i Egersund. Sansynligvis blir det Stord, eg har ikkje vore der før så det kan bli spennande.

lørdag 27. juni 2009

"Prosjekt body" er avslutta.


Dette er mottaker av den etterkvart mye omtalte bodyen, han er tydeligvis fornøyd og skal ikkje frysa når jaktsesongen starter.
Her hos oss bader ungane nesten heile dagen, i hagen står piratbadebasseng som dei koser seg i.
Det er fantastisk med sol og sommer.

mandag 22. juni 2009

Trøye til meg


Då har eg endelig somla meg til å strikka ei trøye, den er ein lett kombinasjon av 3-4 mønster.
Vekta på den ferdig er 248gr, garnet er mini alpakka fra sandnes garn.
Det er ennå ein god del igjen fra den 2,6 kg hespla eg kjøpte på fabrikkutsalg.
Det tok ikkje lang tid på maskin, skal nok lage eit par til både med og uten ermer.
Neste skal være litt lengre denne er litt snau, ellers trengs ikkje noko fleire endringar.

fredag 19. juni 2009

682 gr garn kan bli til dette.

Da er "bodyen" ferdig, satte meg til med CSI idag for å sy i knappar (12 stk) og festa trådar.
På meg går den over hovudet uten å knappe opp men eg syntes det er greit å kunne åpne litt i halsen.
Garnet er sisu fra sandnes garn og det er brukt 2 "farger", ferdig veier bodyen 682 gr, det er nesten 14 nøster.

Knappinga i skrittet blei ganske bra, håper bare ikkje det blir vanskelig å knappe igjen ute i skauen.
Nærbildet av halsen.
Kanten rundt er strikka på maskin, stolpen er rillestrikka.
På dette bildet er fargen nesten rett gjengitt.



Det ser kanskje litt rart ut forann der bodyen er strikka sammen, men sånn blei det når mottaker ikkje ville ha knapping der.

Egentlig hadde eg tenkt ribb som avslutning på beina, men etter tre mislykka forsøk på ribb apparatet strikka eg heller riller for hånd.

torsdag 18. juni 2009

Snart ferdig (håper eg).


Her er bildet av "bodyen", mangler 28 omganger ribb på eine ermet, festing av maaaaangen trådar og isying av knappar.
Fargegjenngivelsen er heilt elendig, skal prøve det nye kamera til SO når vidunderet er heilt ferdig.
Neste store ting på maskin er kanskje kjole/tunika til meg, innimellom sokkar og trøyer.

mandag 15. juni 2009

Mitt første innlegg fra Egersund.



Eit lite situasjons bilde tatt på brakka for 3 min siden.

Den røde "toalettveska" er kjempefin til å ha reisestrikketøy og småting i, den er så klar rød att eg blir i godt humør av å se på den.

Eg har også kjøpt ny pc, HP mini, kjempelett å ta med seg. Må jo innrømme att eg falt veldig for den pga utseende.
Det er vel over 2 mnd siden eg fekk meg mobilt bredbånd, så der er bare vekta og størrelsen på
den andre som har hindra meg
.




søndag 7. juni 2009

Mitt første oppdrag på strikkemaskin.

For eit par mnd. siden lovte eg att eg skulle prøve å strikke ein "body" til ein godt voksen mann. Han trengte noko innerst av ull når han går på jakt, som ikkje gliper i livet.
Då blei arbeidsbeskrivelsen omtrent slik:
-lange ermar
-beina avsluttes på låret ein plass
-det skal vera mulig å gå på do uten å ta av seg alt

Nå er eg godt over halveis, dressen mangler kanter i ribb (dei skal strikkas for hånd og tar litt lengre tid).
Heile dressen er strikka i sisu, eg begynte med ein grønn og lilla mix til det var tomt da fortsatte eg med ein grå og gammel rosa mix.
Da eg begynte hadde eg ingen mål å gå etter det (halv)ferdig produktet er ein kombinasjon av 2 mønster, ei kofte fra sandnes garn og tights fra boka maskeball.
For eit par dagar siden prøvde mottaker dressen, den passa (heldigvis) men han ville ikkje ha knapping framme som eg hadde planlagt så det må gjørs noko med.

søndag 31. mai 2009

Eg har sydd.

Denne liker eg å se på, det røde ytterstoffet er gardina fra barnerommet mitt. Eg fekk det av mor for ca 2 år siden.
Foret er eit sengesett fra IKEA, kjøpt for ca 6 år siden og har aldri vore i bruk.

Mønsteret er fra ei Tilda bok, forstørra 150%. Da blir det ein romslig sminkepung/lita toalettveske, veldig anvendelig.
Me har hatt besøk i helga, mye skravling mens me syr. Mannfolka benytta anledningen til andre sosiale aktiviteter (fest i badestamp). Imellom syinga har me laga litt såpe også, ungane fekk kvart sitt stykke av tante før ho reiste.

lørdag 16. mai 2009

Framgang på kjolen i faerytale.

Kjolen vokser den, har delt av for ermehull, videre skal framside og bakside strikkes kvar for seg. Har vore veldig i tvil om eg nokon gong vil montere den når den bilr ferdig, etter å ha spurt om forslag på forumet uformelt har eg blitt enig med meg sjøl om å plukke opp maskar fra ermekanten til ermar.
Dette er noko eg pleier å gjøre på strikkemaskinen, tenkte overhodet ikkje i dei banar mens eg funderte på korleis eg skulle gjer det enklast mulig.

Vaskerommet er "nytt", sist lørdag endevente eg rommet heiv ut og fant andre møbler. Då ting begynte å komma på plass mista eg interesen (som vanlig) og det gjekk fryktelig tregt. I uka har mor vore innom og rydda kjøkken og vaskerom (herlig) så nå har eg snart ingen grunn til ikkje bli ferdig på hobby/gjesterom.

torsdag 30. april 2009

Gift i 5 år.

Idag er det 5 år siden me gifta oss, SO imponerte og hadde med seg blomst då han kom hjem fra jobb.

søndag 26. april 2009

Litt senebetennelse.

Det har blitt strikka litt denne uka eg har vore hjemma, mest på kjolen i fearytale. Eg har senebetennelse i høyre håndledd og må ikkje overdrive.
Eg rekna om strikkefasthet fra mandarin petit til sisu og strikka ermeløs buksedress i str 6 mnd på maskin, det er utrolig mangen trådar å feste så den er ikkje heilt ferdig ennå. Dressen var lett å tilpasse strikkemaskin det er kantene i halsen og ermehulene som gjorde att det blei så mangen trådender.
Neste uke skal eg ha pc med på jobb, får se om den blir brukt noko særlig. Blir jo litt kjekkare å se dei eg snakker med i stedet for telefonen.

mandag 20. april 2009

Herlig med fri.

Idag har eg vore på Jørpeland, skulle ikkje ha så mye. Var hos legen for å fornye resept til eldstemann og skulle bare innom biblioteket før eg reiste hjem.

Sånn gjekk det ikkje, for innom it-partner for å se på web kamera. For å bruke skype er det ein fordel å ha internett så da eg var ferdig i den butikken hadde eg kjøpt web kamera, mobilt bredbånd og den utrolig tøffe pc veska på bildet (den er rød, ikkje brun). Så nå kan eg snakke med SO (og andre) når eg er i Egersund.

Var innom urmakeren og bytta batteri i klokka, har brukt telefonen som klokke i over ei uke og hater det. Det er så mye enklare å se på armen enn å huske telefonen heile tida.

torsdag 16. april 2009

God start på helga.


Først av alt må eg bare sei det att eg håper på betre kamera, helst før sommaren. Nå bruker eg telefonen og den er ikkje god.
Idag var eg veldig glad då eg kom hjem, ikkje rart det når du kan se på bildet kva eg hadde med meg.
Bolero strikka og hekla i fabel, fargen er limegrønn med rosa og gul/oransj.
Håper eg klarer heklekanten, har hatt litt senebetennelse denne uka pga hekling i påsken (kjedelig).

torsdag 9. april 2009

Strikka body med ranglanfelling.

Eg har etter beste evne myst på 3-4 oppskrifter for å strikke body med ranglanfelling.
Alle fra boka strikk til nøstebarn, trøye/body, hentesett (lengde og erme), og ribbegenser.
Str er omtrent nyfødt (50) tror eg, har målt litt etter bodyen med ugler.
Festing av trådar og isying av knappar kan vente siden eg har strikka denne på impuls og har ingen mottaker.
Måtte bare se om eg fekk det til.

Vurderer å strikke stort teppe på maskinen, får se kva garn eg har liggande. Det hadde vore greit å bli kvitt enkle nøster i rare fargar.

søndag 5. april 2009

Syhelg

I helga har me hatt besøk av Frode og Anita. Eg har sydd på ei bukse av farmors gamle dynetrekk, Anita har komt godt igang med ein babydress til tanteungen.
Eg er ikkje heilt fornøyd med kordan den blei i livet, skal sprette opp og gjøre det på nytt.
Skal ta bilde av buksa når eg har sydd busserull til.

Kjolen i Faerytale måtte rekkas opp fordi strikkefasthten ikkje stemde, eg hadde begynt med 8mm pinne istedet for 9mm men må gå enda lengre ned, til 7mm.

torsdag 26. mars 2009

Nye strikkepinner.

Idag har eg handla "litt", var innom husfliden i Stavanger for kjøpe garn og kjoleoppskrift. Dei hadde det eg leita etter og strikkepinnesett (Knit Picks) fra Du Store Alpakka, 8 utskiftbare pinner og 4 kabler.
Eg har lenge ønska meg det settet og kjøpte det i dag fordi eg har vore flink og endelig levert reiserekningar for januar, februar og mars.
På vei til ferja gjekk eg innom norli, der fant eg ei kjekk bok med barneklær som også fekk bli med hjem.

Har så smått begynt å legge opp masker, skal kose meg med å strikke kjolen når eg ser CSI i kveld (opptak). Det blir eit arbeid som er litt for stort til å reise med så då er det godt å ha jakken i ranglan felling.
Begge ermane er ferdige, eg har begynt på bolen og er ferdig med ribbkanten nede. Før eg begynte var eg litt i tvil om grønnfargen var fin, nå syntes eg den er kjempefin.

søndag 22. mars 2009

Kjole blei skjørt.

Kjolen eg holdt på med blei heller skjørt, sist helg oppdaga eg att dei 18 cm eg hadde strikka 1 r 1 vr skulle vært 3 r 3 vr. Da besteme eg meg heller for å felle av, rekke opp 18 cm var ikkje aktuelt.
Det er strikka med 2 tr mini alpakka fra Sandnes Garn, på pinne nr 5.
Heklekanten blei gjort igår, 2 runder fm og 1 runde "blonde".
Måtte tre buksestrikk øverst, skjørtet er tungt og ribben holder ikkje.

Har fremdeles lyst på kjole, i brunt, svart eller grå. Skal innom Husliden på torsdag å se på kjole strikka i Fearytale, ellers blir det kanskje samme mønster igjen med orginalgarn dene gang.

Fredag fekk desse pannebånda knapp, det blå er kitten mohar, det kvite babysilk og det brune sisu med glitter.

Har idag begynt på kragejakke (lik den kvite eg strikka før jul), denne gang i str 2 år. Sist gang gjekk det ganske fort å strikke, håper det går like fort nå.

torsdag 12. mars 2009

Kva er dette?

Eg har hatt noko fritidsgarn liggande ei stund, for å bli kvitt det har eg begynt å hekla.

For å bli ferdig skal eg hekle ein rød del til før det kan sys sammen.

Litt stolt over å endelig blitt ferdig med sokkane eg begynte på julaften.
Har komt godt igang med neste par. Trenger tynnare ullsokkar på jobb når det blir varmare i været.

torsdag 5. mars 2009

Pannebånd.

Dette har eg strikka denne uka, skal sy i knapp og feste trådane snarast.

Ullsokkane mine begynner å bli slitt, på tide å strikke nye. Derfor har eg vore å kjøpt garn til nye.

onsdag 18. februar 2009

Fiskelue.


Kom over oppskrift på denne lua for litt sida, måtte plutselig bare strikke ei nå. Første forsøk blei vid (eg har tenkt att ungane skal bruke lua), så eg la opp 70m istedet for 90m.

Hadde probleme med halen, forsto ikkje kordan + det blei vanskeligare siden eg hadde redusert masketallet. Såg litt på bilde og prøvde meg fram, halen blei som den skulle.

Det blei mangen endar å feste, men eg skal strikke fleire av denne. Fin måte å bruke restegarn.





fredag 13. februar 2009

Pute til hestegal.

Idag har eg sydd pute, tok ca 2 timar.
Først la eg hestebildet rettsida mot bomullstoff og sydde rund heile hesten, klipte opp ca 5 cm midt på bomullstoffet og vrengte rettsida ut. Bruk strykjernet ofte.
Klipte til framside og sydde fast hesten, sydde fram- og bakside.
Skal nå bare sy igjen vrengeåpning i sida.
Puta skal yngste søstera mi ha, ho er veldig glad i hestar.

Har rydda litt i stoffene idag, skal på IKEA imorgon for å kjøpe større arbeidsbord. Fekk plutselig ein god ide på jobb, ser ut til att det er ganske så gjenommførbart.
Har også planar om vegghyller men eg får vente med det til eg ser kordan det blir. Håper å få meir golvplass og betre oversikt, kjekkare å bruke rommet då.

søndag 8. februar 2009

ENDELIG!

Då er vinhøna ferdig, det er vel 2-3 år siden eg begynte på den. Liten sjangs for att det blir fleire, håper mottaker blir fornøyd for den blei lovt vekk for omtrent 1 år siden.

Den ser litt samensunken ut, det er fordi eg ikkje har 3 liter vin inni (ein tar vinposen ut av papphylsen og lar kranen stikke ut under vinga.

Igjen i kassen ligger halvferdige julenisser som eg begynte på for omtrent 5 år siden, håper alt er der siden me har flytta to ganger siden da. Har igrunnen god tid til jul ennå.

fredag 6. februar 2009

Vinflasketrekk.



Dette garnet blei kjøpt inn for å bli kjole til å ha på oppvaskflaska, etter å ha begynt eit par ganger tok eg heller utgangspunkt i mønsterrapporten og strikka vinflasketrekk. Halsen er 2r 2vr til den kan brettas dobbelt.

Eg har to nøste igjen, tror dei blir klutar.

Sjøl om eg har 2 store arbeid på gang klarte eg ikkje la vær å begynne på noko nytt. Trollungejakke fra boka Myk start, i boka blir det brukt Faerytale eg bruker Ara som eg hadde liggande. Kommer med bilde når den blir ferdig.

fredag 30. januar 2009

Tykk bukse.



Idag blei eg ferdig med bukse, strikka i hubro på pinne 9 mm. Den skulle egentlig være til 5 åringen men passa betre til 4 åringen. Å strikke på så store pinnar er ikkje lett, eg har garn til ei bukse til men orker ikkje å strikke den ennå.

Fant oppskrift til ein kort vest-ting med krage på drops, kanskje blir hubro garnet brukt til dette.

Fant oppskrift på kjole til oppvaskflaska i forrige helg. Kjøpte nytt bomullsgarn i går (gav vekk alt bomullsgarnet til mor som skal strikke pyntehåndklær) og begynte. Rekte opp eit par gonger og har nå bestemt att det skal bli vinflasketrekk.

Teppet vokser fremdeles litt og litt, 40 cm har det blitt.

søndag 25. januar 2009

Liker ikkje å klø.

Forrige søndag gjorde eg ferdig ny strikkebukse til meg sjøl, etterpå fant eg ut att den klødde derfor fekk den ikkje vera med til Egersund. Eg har ganske mye igjen av det garnet, veit ikkje heilt kva eg skal gjør med det ennå.
Planen var att eg skulle strikke ny denne helga, eg begynte godt fant fram ei hesple med 1 kg sisu og nøsta opp 4 kjempenøster.
Så fant eg ut att nå har eg jo bare ei hesple igjen like greit å ta den også så er eg ferdig med det.
Det er 2,6 kg alpakk og eg har nøsta opp litt til å strikke kjole til meg sjøl, dobbel tråd og pinne 5 går det tålig greit.
Teppet vokser bittelitt, det er ca 1 m i bredde og bør bli tilsvarende høgt.

søndag 18. januar 2009

Hekla lue.

For ei tid tilbake kom søstera mi med ein pose forskjellig bomullsgarn som det er meininga eg skal lage luer av.
Eit par er de blitt, her er den siste foreløpig.
Mønsteret er fra hefte mormors luer, dette er valmue uten blomsterdill.
Garnet er kolibri fra dale, fargen er egentlig ikkje rosa men rød.

Teppet går litt tregt, nærmer meg slutten på det påbegynte nøstet.
Det viste seg att ikkje alle nøstene kom fra samme fargebad, så lenge det er eit teppe bør det ikkje ha noko å seie.

søndag 11. januar 2009

Ribbestrikka bukse ferdig.

Buksa er ferdig, eg har ikkje fått prøvd den på 4 åringen ennå men 5 åringen passer den så det er meir enn godt nok.
Den brune tingen er eit teppe om eg skal strikke ferdig, baby ull fra Gjesdal ASA. Da eg fekk det var det blitt strikka med pinne 6 mm, eg strikker laust og måtte bytte til pinne 5 mm. Planen er ganske enkelt å strikke til det er passe stort. Enkel strikk på toget og om kvelden når eg ser på TV.

søndag 4. januar 2009

På jobb igjen.

Imorgon reiser eg til Egersund, skal tilbake på jobb 100%.
Skal i løpet av uka snakke med vidergående her for å se om eg kan ta fag og få studiekompentanse. Skal prøve å ta det over 2 år, må nesten se kva dei seier på skulen. Målet er å få ein utdannelse som gjør att eg slepper å ukependle.



Denne strikker eg på nå, har holdt på ei god stund men nå nærmer den seg ferdig. Mangler ca 10 cm på eine foten og ca 15 cm på andre.

Den er strikka i diverse garntyper i omtrentlig samme tykkelse, dobbel tråd på pinne 3,5 mm. Mønsteret er fra "Strikk til nøstebarn". Den er strikka i str 2-4 år, skal strikke beina lange nok til att 4 åringen kan ha den ei stund.

lørdag 3. januar 2009

Oransje hakka lue.



Lua var ferdig 31 desember, eg er bare litt treg med å ta bilde.

Den er hakka i pt2 på 4 mm dobbel hakkekrok.

Eg la opp 80 luftmasker, rundhakker til passe høyde på arbeidet. Når eg begynner med å felle hakker eg 2 m sammen så 8 m som vanlig heilt rundt (greit med ett merke der omgangen begynner), 1 omgang uten felling. Neste omgang 2 m sm og 7 m som vanlig. Fortsett å felle annenkva omgang med 1 mindre maske mellom fellingane. Etterpå har eg hekla omganger fastmasker rundt kanten.

Tidligare har eg hakka samme lue i Silja den blei litt romsligare og 4 åringen bruker den ofte. Pt2 garnet virka "striare" og ikkje så elastisk, skal eg bruke det igjen vil eg legge opp fleire luftmasker.