torsdag 31. juli 2008



Eit lam ferdig, tror ikkje det blir fleire med det første. Det er litt håndsøm og det liker ikkje eg så godt.

Fjeset blei litt rart fordi eg har ikkje klipt vekk frotteen undet bomullstoffet.

Ellers har eg bygd kompostbinge (tok 3 dagar) av 2 pallar og nokre plank. Heile greia er skrudd samman. Den er allerede tatt i bruk, det er så utrolig mye rart som vokser i "plenen" vår.

fredag 25. juli 2008

Bleiepose.

Denne dukka opp da søstera mi gjekk gjennom klær som var lagt vekk, den er til å ha bleier i. Om eg ikkje husker heilt feil er den sydd i 2003 ein gong, den blei brukt litt og lagt vekk da me flytta fra Sandnes, nå har eg tatt den i bruk igjen.

Igår fekk eg montert den andre kommoden, så nå har eg plass til alle håndklærne og sengtøyet til ungane.
Inni kleskapet til eldstemann har eg skrudd fast eit trånettingstativ, lei av att klærne blei blanda sammen.


tirsdag 22. juli 2008

Endelig noko for strikkemaskin.

Etter å ha lest litt meir i Maskeball fant eg ut att nokre av oppskriftene er for strikkemaskin, Brothers, men det er nærme nok til att eg forstår. Etter to kveldar og dagen i dag har eg strikka bukse til meg sjøl, holder på med montering enda.
Nå kommer den litle garnauken frå i går godt med, fra før har eg lite garn i samme farge.

Symaskinen har ikkje vore i bruk på ei stund, etter å ha sett lamma til Anita har eg verka etter å sy like, men får ikkje somla meg til det. Tekanna treng "frakk" det samme gjer presskanna.

mandag 21. juli 2008

Handletur.


Idag har eg og eldste vore på tur med søstera mi og ungar, dei skulle kjøpe kaniner.

Først ein liten tur i Stavanger, Løvås og Magasin Blå. Så gjekk turen til Sandnes Garn Fabrikkutsalg, først tok me feil vei og spiste før me fant fram. Da me gjekk derifrå hadde eg handla nesten 12 kg garn.

Neste stopp var Kvadrat, kikka litt og handla kaniner, før me reiste hjem via Gjesdal (der hadde dei ikkje garn av interesse).
På bilde er dei 3 øverst posane sisu ca 1 kg pr pose.
Den nede til venstre er lanette ca 1 kg.
Lille rosa cone er ullgarn ca 1,1 kg.
Dei 2 store cona er også ullgarn ca 2,1 kg pr stk.
+ 2,4 kg alpakka som ikkje er på bilde.

lørdag 19. juli 2008

Nye bøker.



Dette har eg fått på forskudd til 32 års dagen. Foreløpig har eg sett gjennom maskeball, det er eit par ting som frister.

Om eg får det til (og orker ekstra montering) skal eg prøve nokre oppskrifter på strikkemaskin.

På garnstudio fant eg kjole og tunika eg vil prøve meg på, den kjolen eg likte best hos Gjesdal var i bomull, ikkje min favoritt å jobbe med. Siden det betyr mye arbeid venter eg litt med kjole, vil se om det er nokre fine på større pinnar.

Nesten ferdig er ei ny lue alpakka (siden den første blei for liten) denne er svart og lilla.

fredag 18. juli 2008

Hekla lue i alpakka.



















Lua blei hekla ferdig i går kveld, idag har eg festa tråder på denne og perlestrikket.

I oppskrifta skal ein begynne nede og hekle oppover. Eg har begynt i toppen og hekla nedover, syntes det er lettast.

Nå har eg rett heklefasthet i forhold til mønster, men syntes den er stram rundt hovudet. Så ikveld må eg finne nytt garn og hekle større lue som eg kan gi bort i gave.
Yngstemann er glad i grønt så den blir kanskje hans.

Pulsvarmere ferdig.

Pulsvarmerne er ferdige, siden det var så mangen perler igjen begynte eg på eit nytt par, det paret blei eit pannebånd siden det ikkje var så høgt.
Dette er strikk som går fort.

Eg har kjøpt fleire perler og rekner med å strikke fleire pulsvarmere snarast.

torsdag 17. juli 2008

Kor får eg kjøpt Gjesdal garn.

Onsdag reiste eg og to av ungane til Sandnes for å overnatte hos Kristine.
På kaien i Stavanger måtte eg innom garnbutikken for å kjøpe mønster og garn til kjole, men dei forhandla ikkje Gjesdal. Sjølsagt kom eg ikkje tomhendt ut, 4 nøste sisu og mønster hefte med hekla huer.
I Sandnes hadde eg samme problem, dei forhandla heller ikkje Gjesdal. Å gå ut av ein garnbutikk uten garn gårnesten ikkje ann så der kjøpte eg mønster til kort genser til meg, 12 nøste ara og 4 nøste ragg garn.

Ikveld har eg rekka opp ei lue som har vore stua vekk ei stund fordi eg var komt godt over halveis da det gjekk opp for meg att den skulle heklas med 3 tr og ikkje 2 tr. Nå er eg komt like langt som den eg rekka opp. Lua skal bli ferdig snarast for eg har tenkt å gi den vekk i bursdagsgave.

søndag 13. juli 2008

Hakka smekke.


















Å hakke er lett, går fort og treng ikkje så mye konsentrasjon. Her har eg hakka ei smekke i 2 tr mandarin petit på 4 mm krok. Kanten rundt er hekla fastmasker siden hakka arbeid ruller seg i kanten. Ei strikke oppskrift er utgangspunktet for smekka, men hakka blir den fastare og holder formen.

lørdag 12. juli 2008

Pulsvarmer.


Sist uke var eg på biblioteket og lånte fleire bøker, ei av dei var "Perler på pulsen". Idag begynte eg å træ perler på garnet, 1000 stk, tror det holder ei stund.

torsdag 10. juli 2008

Tur til IKEA.

Igår var me på IKEA alle 5, og ungane var greie å ha med seg. Med oss hjem var 2 vitrineskap og 2 kommodar + litt småting.

Idag er vitrineskapa og ein kommode ferdigmontert, skapa er til glasser og finservise og kommodane til handkled ol. Mangen av glassene har eg henta i kjellaren til farmor, der dei har vore i 2 år.

Det minste skapet er blitt barskap med alle flaskene, lave glass og coctailbøker.

I det store står høge glass og karaffel, 2 serviser og i skuffa ligger duker.

søndag 6. juli 2008

Sovepose til dukka.


Idag har eg hakka sovepose til dukka. Den er lett å lage, legg opp lm til ønska bredde og hakk. Når eg kan legge dukka på og brette enden opp til brystet/halsen avslutter eg.

Rundt kanten har eg hekla 2 runder med fastmasker, før eg bretta posen og hekla sammen i sidene + pynten framme.

Det grønne er 3 tr lanette hakka på 8mm krok, og det rosa er 2 tr silja hekla med 6mm krok.


Trøya i forige innlegg er lagt på is, det går ikkje ann å gjøre som eg forestiller meg uten å klippe garnet for kvar rad og det blir for mye.

Seinare skal eg lage jakke i ein farge.