fredag 31. desember 2010

Litt baby ting.

Denne sydde eg då mellomste var baby, den har plass til to pakkar med bleier. Det var veldig praktisk å ha bleiene lett tilgjengelig når eg stella ein liten som var utålmodig. Nå har søstera mi fått den om ho vil bruke den veit eg ikkje ennå.


Buksa er strikka i ein ull/silke blanding og blei påbegynt i vår/sommer, har ligget nesten ferdig lenge. Måtte ta meg sammen å feste trådar og sy i knappar da gutten som skulle bruke den endelig blei født. Sokkane er strikka i alpakka, dei har også vore nesten ferdige lenge.

Var godt igang/nesten ferdig med å strikke "kjørepose" da eg fant ut att heile greia såg rart ut. Den er nå opprekka og eg er godt igang med ei lue av oppreksgarnet (freestyle). Tenker eg heller strikker ein liten jakke til småen.

mandag 13. desember 2010

Eit par vottar på 4 dagar.

I går festa eg trådane på vottane, dei er strikka i falk og det gjekk med nesten eit nøste pr vott. Veit ikkje heilt kva eg skal gjer nå, har eit par ting som venter men det frister ikkje akkurat for øyeblikket. Må nok prioritere kjøreposen siden det er mindre enn 2 uker til termin. Har hette, ermer og montering igjen. Er litt skeptisk for det minker litt for fort på garnet etter mi meining.

søndag 12. desember 2010

Lue til Liverpool fan

Lua øverst blei desverre alt for stor (vid) og blei derfor rekka opp, under er lua slik den blei. Etter å ha rekka opp lua to gonger hadde eg ikkje tid til å rekke opp ein tredje gong og bli ferdig før me skulle hjem. Garnet er sisu, strikka i dobbel tråd på pinne 3 mm.
Innimellom opprekking og febrilsk strikking har eg strikka to luer til men har ikkje festa trådane ennå.

Da eg kom hjem fekk eg spørsmålom eg kunne strikke eit par svarte vottar i voksen str. Er godt igang og er ferdig imorgon om eg får til tomlane fine.