tirsdag 30. november 2010

Gitarlue

Denne lua satt langt inne, den blei rekka opp 3 ganger før dette blei det endeliga resultatet. Den er strikka i dobbel tråd lanette på pinne 3,5 og 2,5 (vrangbord). Holder på med ny lue i dobbel tråd sisu, rød og kvit med teksten "you`ll never walk alone".
Guttane har vore å tjuvlånt kamera mitt igjen og tatt x antall bilder av seg sjøl, tvn og disse pokemon figurane. Når eg er på jobb og skal se gjennom bildene for å skrive her er det koselig å finne nye bilder av guttane. Ikkje alle bildene er like skarpe men det gjør ikkje noko.

mandag 15. november 2010

Fleire luer

Space invader lua til SO er ferdig, for andre gong. Den er strikka i freestyle og eg måtte gå ned til pinne 3,5 for å få rett strikkefasthet. Første utgave var diger.
Har muligens garn til ei til, skal først strikke ei av dei andre luene i hefte til meg sjøl.

Dei to andre luene er strikka i dobbel tråd dale babyull, eg har begynt å strikke fra toppen og slutter å øke når lua virker vid nok. Det er nok eit par luer som eg ikkje har fått tatt bilde av, guttane "glemmer" kor dei er viss dei ikkje liker fargen. Har ein mistanke om att det er eit par på skulen og i barnehagen.
Favoritt lua til yngstemann var eit sørgelig syn så den får han ikkje bruke meir, heldigvis liker han den med "diamanter".
Den med firkanttagger passer til meg, kanskje den får bli med på jobb.

Fekk "bestilling" på ny lue med gitar, ellers frie hender. Er nå godt igang å hekle, dobbel tråd lanett og 4mm heklekrok.

lørdag 6. november 2010

Litt av kvart som eg har glemt å vise.

Denne lua fant eg mønsteret til i familien, den er kjekk å strikke men fargen er mildt sagt gyselig. Utrolig nok har eg funnet ein mottaker til den, skal bare strikke eit par lodder til.


Tre babyluer hadde eg også liggande. Pixi luene er strikka, ei for hånd og ei på maskin (måtte bare se om det gjekk). Den kvite er hekla og den einaste som har fått knyttebånd foreløpig.

Mitt nyaste system for oppbevaring av strikkepinnar, ein strikka tube som eg bare stikker pinnane i.