fredag 25. juni 2010

Lysten til å sy er tibake.

Denne tunikaen er sydd på 2-3 dagar, av eit dynetrekk. Det er eit enkelt mønster, framside og bakside + ca 4 cm strimler og skråbånd.
Er stort sett fornøyd med resultatet, eit par løysningar kunne vore litt meir gjennomtenkt men får legge det på minnet til neste gong.
Størrelsen er 42 og passer meg bra men er ikkje heilt overbevist ennå om eg liker den.

mandag 21. juni 2010

Såpelaging.

Etter att Panduro åpna butikk i Stavanger er det lett å gå litt amok. Eg og guttane var innom på torsdag og da var det tilbud på nokre av såpebasane. Sjølsagt glemte eg å kjøpe farge, har brukt vanlig konditorfarge istedet.
Hadde bare grønn hjemma, men har vore i butikken og kjøpt gul og rød.

Solsikkene er muffins former som eg kjøpte på Ahlens tidligare, passe størrelse til såpestykker og dei er av silikon. Kjempelett å få såpene ut av forma og dei trengs ikkje smørast.

Dei første såpene fekk eit tjukt kvitt lag av skum, kokte såpemassen ikkje så veldig lurt.

søndag 20. juni 2010

Ferjekø.

Idag for få minutter siden tok eg dette bildet, det er utrolig nok ferjekø.

onsdag 16. juni 2010

Påske???

Nei dette er ikkje påskeegg. Guttane og eg har laga sjongleringsballar.

Det me har brukt er 150 gr ris, brødpose og 2 ballongar.
Begynn med 150 gr ris oppi ein brødpose, vri og vreng posen over risen ein gong til.
Klipp "halsen" av den eine ballongen og trekk den over risposen, klipp vekk det du ikkje trenger av brødposen.
Trekk ein til ballong over og form til ball.