torsdag 20. oktober 2011

Vest til å ha under arbeidsklærne.

For to år siden klarte eg å tove vesten eg hadde strikka i alpakka, fryktelig kjedelig. For eit par mnd siden begynte eg på ein ny og la den vekk etter ei kort stund. For to uker siden blei den henta fram igjen og fullført slik att eg kunne ta den med meg til Aukra.

Eg har tatt utgangspunkt i mønster fra eit hefte fra Sandnes Garn. Orginalt er det alfa som skal brukes, eg har brukt fritidsgarn og ein rest ara (røde/rosa).



onsdag 29. juni 2011

Lue eller blomsterbed?

Denne lua er først hakka av div. små rester og påsydd hekla blomster. Eg tok utgangspunkt i ei av hekla luene i eit hefte, der var det hekla ei lang remse som blei sydd samman i spiral tilslutt. Eg ville ikkje sy og hakka det sammen underveis.
Mesteparten av blomstene er hekla i 3-kaffien det siste halve året, enkelt og greit arbeid å legge i lomma på arbeidstøyet.
Mangen har kommentert lua underveis, så stygg att den nesten er tøff.

onsdag 27. april 2011

3 fødselsdager.

Eg har hekla 3 stk av denne muffinen (litt forskjellige) men glemte å ta bildet av dei to andre. Grunnen er att det er 3 stk som har hatt fødselsdag denne turen, og då er det jo kjekt å overraske med kake.
Mønster har eg ikkje brukt, såg litt på bilder og prøvde meg fram. Hadde eit bildet i hovudet om kordan eg ville den skulle se ut og er veldig fornøyd med resultatet.
Da første muffin blei pakka opp forsto endelig kollegane kvifor eg hadde styrt og massa om bomull i 2-3 dagar. Vurderte å bruke branntetting men den var så ekkel og knirka, så da måtte eg ein tur til butikken.

Har også hekla to luer denne turen den første er omtalt i forrige innlegg, den andre blei gjort ferdig i dagtidlig og gitt vekk uten att eg fekk tatt bildet. Den blei tatt i bruk med det samme, det er jo kjekt når ting faller i smak.

søndag 17. april 2011

Påskelue?


Har brukt tida me sitter i møterommet før og etter arbeid + tre kaffien til å hekle ei lue i fabel, det er greit å ha noko mellom fingrane mens me venter.

Framgangsmåten er enkel, 12st i ring, øk 12 st gjevnt fordelt kvar omgang (eventuelt annenkvar dei to- tre siste omgangane) til det er totalt 120 st. Fortsett med 1 st i kvar st til lua er passe.


Har i friperioden strikka kyllingar i fritidsgarn men blei ikkje ferdig før eg reiste, dei er delvis monterte og skal tovast etterpå. Har strikka dei i mangen forskjellige fargar, desverre er ikkje eit nøste nok til to kyllingar og eg sitter igjen med mye rester som eg ikkje er heilt sikker på kva eg skal gjøre med. Har ikkje lyst til å strikke stripete kyllinger.

tirsdag 5. april 2011

Kjøkkenklutar

Egentlig var det dobbelt så mangen men dei har forsvunnet ut døra etterkvart som trådane er blitt festa. Bodda til venstre er strikka av mor aase garn fra rema, dei andre av diverse bommullsnøster eg har hatt liggande. Alle klutane er strikka på maskin, 100 masker, 1r 1vr til det er tomt for garn.

mandag 4. april 2011

Heildress til baby.

Har sydd heildress til baby str 6 mnd av eit fleece teppe og ein tynn jakke som ikkje passa meg lengre. Mønster er fra boka sikksakk. Eg har ikkje lest sømbeskrivelsen, teikner bare av mønster og syr ivei som det passer meg. Stort sett går det greit og viss ikkje så tilpasses det underveis.
Bortsett fra eine sømmen i halsen som er for hånd er alt sydd på overlock maskinen.

mandag 21. februar 2011

Morsdag overraskelse på Aukra.

Søndags morgon var som alle andre dagar på Aukra, heilt til eine formannen plasserte ein pakke av sammenteipa papirark foran meg på bordet. Må innrømma eg eit øyeblikk var skeptisk til kva dei hadde funnet på. Da eg tok reiv vekk papirarka viste denne "vasen" seg, fylt med dumle og smørbukk (det hadde vist ikkje vore mulig å få tak i blomster kvelden før).
Sjølsagt var eg ikkje i tvil om att den skulle være med meg hjem, den står nå på stuebordet med ein bukett roser i (SO overrasker ennå)

Denne lua har tatt tid, eg fekk garnet av formann før jul men det har til tider gått treigt. Planen var bestemorsruter i litt ulike størrelser men eg fant ikkje nokon eg likte, så da blei det striper i ulike bredder. Hadde ein aldri så liten skattejakt i knappesamlingen for å forsikre meg om att lua blei noko heilt for seg sjøl.

Denne lua har vore ferdig ei stund men eg ville vente med bilde siden svigerfar skulle få den. Strikka i freestyle fra Dale, kor eg fant mønsteret husker eg ikkje lengre.