lørdag 24. mai 2008

Ny vannslange ferdig montert.

Igår var eg på Jørpeland, endelig fekk eg kjøpt hageslange med oppheng (den me har er alt for kort) og vannspreder.
Så mens mannen reiste til Sandnes skrudde eg opp festene til trommelen og kobla til vannet.
Det var ikkje så vanskelig, kanskje fordi ungane var opptatt med å sykla og ikkje "hjalp meg". Siden ungane skal prøva/leka med alt er trommelen montert så høgt.
Den korte biten mellom kran og trommel kan enkelt byttast med ein lengre, då kan ein hekte trommelen av og bære den med seg. Kjekt for oss med stor hage.

onsdag 21. mai 2008

Før og etter.

I går strikka eg endelig tommlar på 3 par vottar (dei som har striper) som blei strikka for 2 år siden, på jobb på Snøhvit, Hammerfest.
Dei rosa fant eg i "nesten ferdig kassen" sammen med bæreselen til babyborn.
Lovika vottane er strikka denne uka, dei rosa og grønne "skoa" begynte eg på i går (str 12-18mnd)

Etter ein tur i vaskemaskinen ser det sånn ut. Tove tover meir enn pt2, dei rosa vottane blei veldig små. Lovika vottane er også strikka i tove men på pinnar som er 1,5 mm mindre.
Bæreselen blei litt liten til babyborn, skal prøve å legge den i vann og balsam for å se om eg klarer å strekke den ut litt.
Tror eg skal holde meg til pt2.

søndag 18. mai 2008

Trøye med knytting bak.


Denne er i hovedsak strikka på maskin. Kragen er strikka for hånd og fått ein kant av hekla fastmasker. Å strikke den tok ikkje så veldig lang tid, litt arb. med forkorta rekker på ermane bare. Det som tok tid var montering og festing av tråder.

fredag 16. mai 2008

Strikka tepose, 12 m og 30 rader på strikkemaskin tok nokre min. Sydd saman og fylt med vatt, så dynka med litt duftolje. Mellomste ville ha den med i barnehagen med mista den på veien etter det har eg ikkje sett den.

14 mai var eg på info møte på Martinique, kjekt å møte kollegaer igjen. Denne gongen skulle eg være litt lur å reise hjem kl 12 (ikkje kl 3 som sist) men ferja kom ikkje før 1t seinare då gjekk ingen buss så eg måtte gå hjem.


"Snart" er eg ferdig med nøstebarn dressen, det holdt akkurat med garn. Det som gjenstår er å plukke opp masker til kant framme og hals, til dette har eg nok garn. Dressen er i str 3 år og litt for liten til yngste, den er nok også for liten til den yngste til søstera mi (han er 2 år men nesten like stor som 3 åringen min).

Ranglar felling var kjekt så nå lurer eg på om yngste skal få genser, einaste problemet er att ingen av mine liker ull og eg liker ikkje å strikke med bomull.

tirsdag 6. mai 2008

Rød dame.


Denne syntes eg er tøff, kjolen er gardinen som eg hadde på barnerommet mitt. "Snart" skal eg lage hår og fjes.

Igår rigga eg opp strikkemaskinen og idag har eg strikka trøye til dukka, ingen bilde ennå for montering gjenstår. Eg som hater bomullsgarn har nå funnet ut att på maskin er det kjempegodt.