torsdag 30. april 2009

Gift i 5 år.

Idag er det 5 år siden me gifta oss, SO imponerte og hadde med seg blomst då han kom hjem fra jobb.

søndag 26. april 2009

Litt senebetennelse.

Det har blitt strikka litt denne uka eg har vore hjemma, mest på kjolen i fearytale. Eg har senebetennelse i høyre håndledd og må ikkje overdrive.
Eg rekna om strikkefasthet fra mandarin petit til sisu og strikka ermeløs buksedress i str 6 mnd på maskin, det er utrolig mangen trådar å feste så den er ikkje heilt ferdig ennå. Dressen var lett å tilpasse strikkemaskin det er kantene i halsen og ermehulene som gjorde att det blei så mangen trådender.
Neste uke skal eg ha pc med på jobb, får se om den blir brukt noko særlig. Blir jo litt kjekkare å se dei eg snakker med i stedet for telefonen.

mandag 20. april 2009

Herlig med fri.

Idag har eg vore på Jørpeland, skulle ikkje ha så mye. Var hos legen for å fornye resept til eldstemann og skulle bare innom biblioteket før eg reiste hjem.

Sånn gjekk det ikkje, for innom it-partner for å se på web kamera. For å bruke skype er det ein fordel å ha internett så da eg var ferdig i den butikken hadde eg kjøpt web kamera, mobilt bredbånd og den utrolig tøffe pc veska på bildet (den er rød, ikkje brun). Så nå kan eg snakke med SO (og andre) når eg er i Egersund.

Var innom urmakeren og bytta batteri i klokka, har brukt telefonen som klokke i over ei uke og hater det. Det er så mye enklare å se på armen enn å huske telefonen heile tida.

torsdag 16. april 2009

God start på helga.


Først av alt må eg bare sei det att eg håper på betre kamera, helst før sommaren. Nå bruker eg telefonen og den er ikkje god.
Idag var eg veldig glad då eg kom hjem, ikkje rart det når du kan se på bildet kva eg hadde med meg.
Bolero strikka og hekla i fabel, fargen er limegrønn med rosa og gul/oransj.
Håper eg klarer heklekanten, har hatt litt senebetennelse denne uka pga hekling i påsken (kjedelig).

torsdag 9. april 2009

Strikka body med ranglanfelling.

Eg har etter beste evne myst på 3-4 oppskrifter for å strikke body med ranglanfelling.
Alle fra boka strikk til nøstebarn, trøye/body, hentesett (lengde og erme), og ribbegenser.
Str er omtrent nyfødt (50) tror eg, har målt litt etter bodyen med ugler.
Festing av trådar og isying av knappar kan vente siden eg har strikka denne på impuls og har ingen mottaker.
Måtte bare se om eg fekk det til.

Vurderer å strikke stort teppe på maskinen, får se kva garn eg har liggande. Det hadde vore greit å bli kvitt enkle nøster i rare fargar.

søndag 5. april 2009

Syhelg

I helga har me hatt besøk av Frode og Anita. Eg har sydd på ei bukse av farmors gamle dynetrekk, Anita har komt godt igang med ein babydress til tanteungen.
Eg er ikkje heilt fornøyd med kordan den blei i livet, skal sprette opp og gjøre det på nytt.
Skal ta bilde av buksa når eg har sydd busserull til.

Kjolen i Faerytale måtte rekkas opp fordi strikkefasthten ikkje stemde, eg hadde begynt med 8mm pinne istedet for 9mm men må gå enda lengre ned, til 7mm.