onsdag 26. mai 2010

Brakkeliv på Ormen Lange.




Eldstemann likte ikkje att eg reiste denne gongen og kom med isbjørn som eg måtte ta med meg. Isbjørn liker seg veldig godt på brakka og styrer på når eg er på jobb om dagen.


søndag 23. mai 2010

Strikka vinhøne.

Denne har eg begynt på og rekka opp 2-3 gonger, nesten ferdig fant eg ut att 150 gr grønt var 50 gr for lite. Istedet for å kjøpe meir fritidsgarn brukte eg dobbel tråd tove, det blei likt nok etter to omgangar i vaskemaskinen. Hanekam og føtter har eg gjort anderledes enn mønster, liker betre min variant. Kommer nok til å tove føttene også om eg strikker fleire.



Ca 4 dagar tok det å strikke eit par sokkar. Dei er litt ubehagelige å gå i, harde. Tror ungane overtar det eg har igjen av dette garnet. Men fleire sokkar blir det nok etterkvart, eg trenger fleire.

onsdag 19. mai 2010

Sjølkomponert sokkar.

Mandag fekk eg igjen trang til å strikke sokker (igjen), det pleier å gå over etter 10-20 omganger 2 r og 2 vr. Tidligare har eg strikka eit par tåogopp sokkar, dei er i bruk men liker egentlig ikkje tå og hælen.
Mandag kveld satt eg eit par timar og prøvde meg fram på kordan eg fekk fint tåparti, etter 5-6 forsøk kom eg fram til att midlertidig opplegg med eit hjelpegarn fungerer best.
Da eg kom til vrista øka eg til det var på tide å forme hælen. Hælen ser kanskje litt oppned ut men det fungerer. For att avfellingskanten ikkje skal stramme strikka eg 2m, k heile omgangen før avfellig. Garnet eg har brukt er labbetuss kjøpt på europris, det er heilt greit å strikke med.
Heldigvis har eg notert litt underveis så eg klarer å strikke ein til. Målet er å kunne strikke ullsokkar nok til eget bruk, på jobb bruker eg ullsokkar sommer og vinter og dei slites fort.




onsdag 12. mai 2010

Ulltrøye ferdig.

Denne ulltrøya har eg holdt på med leeeeenge, mønsteret er fra nøstebarnboka. Garnet eg har brukt er kjøpt på fretex og eg aner ikkje kva det er. Det er veldig tynt (har strikka med 3 trådar på pinne 5 mm, laust strikka) og veldig mjukt. Har tidligare strikka bukse på maskin (2 trådar) som eg bruker på jobb og vasker i maskinen.
Heilt uventa fekk eg ein telefon igår om att eg skal ein tur til Ormen Lange på Aukra om 2 uker. Der har eg ikkje vore før, håper det blir meir enn den eine turen (2-3 rotasjon seier me ikkje nei til). Det passer fint att ungane ennå går på skulen når eg er vekke, så får me se kordan sommeren blir.

onsdag 5. mai 2010

Jippi


Denne fantastiske boka kom først ut i 1977, for mangen år siden lånte eg den på biblioteket men har ikkje funnet den etter det. For nokre dagar siden fant eg ut att den var trykt opp igjen, da var eg ikkje sein om å bestille. Dessverre får eg ikkje tak i tilsvarande bok med str 4-7 år, håper det kommer etterkvart.
Boka er kjøpt hos Tanum, den blei bestilt på fredag og eg fekk den igår (tirsdag). Liker når ting skjer fort.
Har to bøker til på ønskelista, får se etterkvart kva det blir til.
Eldstemann har lært å strikke, ambisjonane er skyhøge. Han skal strikke laaaaange skjerf men har ikkje tålmodighet til å strikke meir enn 4-5 masker om gangen.
Han har også bestemt att oldemor skal få veske han har sydd, modellen han har valgt har ei del håndsøm. Lurer på kordan det skal gå for han er redd knappe- og synåler, symaskinen er han ikkje redd i det heile tatt.