onsdag 19. mai 2010

Sjølkomponert sokkar.

Mandag fekk eg igjen trang til å strikke sokker (igjen), det pleier å gå over etter 10-20 omganger 2 r og 2 vr. Tidligare har eg strikka eit par tåogopp sokkar, dei er i bruk men liker egentlig ikkje tå og hælen.
Mandag kveld satt eg eit par timar og prøvde meg fram på kordan eg fekk fint tåparti, etter 5-6 forsøk kom eg fram til att midlertidig opplegg med eit hjelpegarn fungerer best.
Da eg kom til vrista øka eg til det var på tide å forme hælen. Hælen ser kanskje litt oppned ut men det fungerer. For att avfellingskanten ikkje skal stramme strikka eg 2m, k heile omgangen før avfellig. Garnet eg har brukt er labbetuss kjøpt på europris, det er heilt greit å strikke med.
Heldigvis har eg notert litt underveis så eg klarer å strikke ein til. Målet er å kunne strikke ullsokkar nok til eget bruk, på jobb bruker eg ullsokkar sommer og vinter og dei slites fort.




Ingen kommentarer: