søndag 31. mai 2009

Eg har sydd.

Denne liker eg å se på, det røde ytterstoffet er gardina fra barnerommet mitt. Eg fekk det av mor for ca 2 år siden.
Foret er eit sengesett fra IKEA, kjøpt for ca 6 år siden og har aldri vore i bruk.

Mønsteret er fra ei Tilda bok, forstørra 150%. Da blir det ein romslig sminkepung/lita toalettveske, veldig anvendelig.
Me har hatt besøk i helga, mye skravling mens me syr. Mannfolka benytta anledningen til andre sosiale aktiviteter (fest i badestamp). Imellom syinga har me laga litt såpe også, ungane fekk kvart sitt stykke av tante før ho reiste.

lørdag 16. mai 2009

Framgang på kjolen i faerytale.

Kjolen vokser den, har delt av for ermehull, videre skal framside og bakside strikkes kvar for seg. Har vore veldig i tvil om eg nokon gong vil montere den når den bilr ferdig, etter å ha spurt om forslag på forumet uformelt har eg blitt enig med meg sjøl om å plukke opp maskar fra ermekanten til ermar.
Dette er noko eg pleier å gjøre på strikkemaskinen, tenkte overhodet ikkje i dei banar mens eg funderte på korleis eg skulle gjer det enklast mulig.

Vaskerommet er "nytt", sist lørdag endevente eg rommet heiv ut og fant andre møbler. Då ting begynte å komma på plass mista eg interesen (som vanlig) og det gjekk fryktelig tregt. I uka har mor vore innom og rydda kjøkken og vaskerom (herlig) så nå har eg snart ingen grunn til ikkje bli ferdig på hobby/gjesterom.