Idag bestemte me oss for å ta ein tur til Kongeparken sammen med nabofamilien. Da me kom fram fikk me vite att heile parken var reservert for søndagsskulen, det var enormt mye folk. I informasjonen utfor fikk me billeter til eventyrland (tidligare Havanna Badeland) og bestemte oss for å reise til Sandnes.
Ungane var litt skuffa for att me ikkje kom inn i parken (særlig eldstemann) men det endra seg fort da dei fekk se eventyrland. Så veldig mye såg me ikkje til dei i løpet av den tida me var der, dei sprang rundt og lekte. Å skyte ballar var veldig populært ellers var det rutsjebaner, hoppeslott, trampoline og mye klatre/krype labyrint.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar