lørdag 26. desember 2009

Nøstebarnbukse ferdig.


Denne buksa har eg holdt på med ei god stund nå, idag blei trådane festa og eg har tredd i strikk. Den er strikka i 3-tråd bånsullgarn, 3 fargar med 4 runder pr farge. Eg har ikkje veid buksa ennå men det er nok rundt 100 gr igjen + -.

Nå er faerytale kjolen min henta fram igjen, framstykket er endelig ferdig og eg skal til med ryggen. Lurte lenge på om eg skulle strikke opp maskane til ermet men har komt fram til att eg nok tåler litt montering.

For eit par dagar siden fekk eg ei viltsteik av han som bestilte ein "body" i voksen str. Kjekt å få positiv tilbakemelding.

Ingen kommentarer: