lørdag 31. oktober 2009

Grønn vest.

Denne vesten er min, den er strikka av grønn alpakka fra du store alpakka. 3 ganger har eit prosjekt av dette garnet blitt rekka opp før det endelig blei noko.
Mesteparten er strikka på maskin, salen og vrangborden nede er strikka for hånd.
Det med maskin tok max 15 min, resten brukte eg heile friperioden på (feste siste trådane på søndagen). Som vanlig er bildet så som så men det er mørkt når eg går på jobb og mørkt når eg kommer tilbake. Fargen minner meg om gras.

Eg har så smått begynt på genser til eldsemann og har etterkvart innsett att 2 mm pinner ikkje er rette str, krise det er einaste eg har med meg. Heldigvis har eg 3 mm heklekrok med, eit nøste fabel blir sakte og sikkert ei lue i kaffepausane. I motsetning til da eg jobba på Snøhvit er det ingen som protesterer på heklinga/strikkinga mi her på Stord.

Ingen kommentarer: