mandag 22. juni 2009

Trøye til meg


Då har eg endelig somla meg til å strikka ei trøye, den er ein lett kombinasjon av 3-4 mønster.
Vekta på den ferdig er 248gr, garnet er mini alpakka fra sandnes garn.
Det er ennå ein god del igjen fra den 2,6 kg hespla eg kjøpte på fabrikkutsalg.
Det tok ikkje lang tid på maskin, skal nok lage eit par til både med og uten ermer.
Neste skal være litt lengre denne er litt snau, ellers trengs ikkje noko fleire endringar.

fredag 19. juni 2009

682 gr garn kan bli til dette.

Da er "bodyen" ferdig, satte meg til med CSI idag for å sy i knappar (12 stk) og festa trådar.
På meg går den over hovudet uten å knappe opp men eg syntes det er greit å kunne åpne litt i halsen.
Garnet er sisu fra sandnes garn og det er brukt 2 "farger", ferdig veier bodyen 682 gr, det er nesten 14 nøster.

Knappinga i skrittet blei ganske bra, håper bare ikkje det blir vanskelig å knappe igjen ute i skauen.
Nærbildet av halsen.
Kanten rundt er strikka på maskin, stolpen er rillestrikka.
På dette bildet er fargen nesten rett gjengitt.



Det ser kanskje litt rart ut forann der bodyen er strikka sammen, men sånn blei det når mottaker ikkje ville ha knapping der.

Egentlig hadde eg tenkt ribb som avslutning på beina, men etter tre mislykka forsøk på ribb apparatet strikka eg heller riller for hånd.

torsdag 18. juni 2009

Snart ferdig (håper eg).


Her er bildet av "bodyen", mangler 28 omganger ribb på eine ermet, festing av maaaaangen trådar og isying av knappar.
Fargegjenngivelsen er heilt elendig, skal prøve det nye kamera til SO når vidunderet er heilt ferdig.
Neste store ting på maskin er kanskje kjole/tunika til meg, innimellom sokkar og trøyer.

mandag 15. juni 2009

Mitt første innlegg fra Egersund.



Eit lite situasjons bilde tatt på brakka for 3 min siden.

Den røde "toalettveska" er kjempefin til å ha reisestrikketøy og småting i, den er så klar rød att eg blir i godt humør av å se på den.

Eg har også kjøpt ny pc, HP mini, kjempelett å ta med seg. Må jo innrømme att eg falt veldig for den pga utseende.
Det er vel over 2 mnd siden eg fekk meg mobilt bredbånd, så der er bare vekta og størrelsen på
den andre som har hindra meg
.




søndag 7. juni 2009

Mitt første oppdrag på strikkemaskin.

For eit par mnd. siden lovte eg att eg skulle prøve å strikke ein "body" til ein godt voksen mann. Han trengte noko innerst av ull når han går på jakt, som ikkje gliper i livet.
Då blei arbeidsbeskrivelsen omtrent slik:
-lange ermar
-beina avsluttes på låret ein plass
-det skal vera mulig å gå på do uten å ta av seg alt

Nå er eg godt over halveis, dressen mangler kanter i ribb (dei skal strikkas for hånd og tar litt lengre tid).
Heile dressen er strikka i sisu, eg begynte med ein grønn og lilla mix til det var tomt da fortsatte eg med ein grå og gammel rosa mix.
Da eg begynte hadde eg ingen mål å gå etter det (halv)ferdig produktet er ein kombinasjon av 2 mønster, ei kofte fra sandnes garn og tights fra boka maskeball.
For eit par dagar siden prøvde mottaker dressen, den passa (heldigvis) men han ville ikkje ha knapping framme som eg hadde planlagt så det må gjørs noko med.

søndag 31. mai 2009

Eg har sydd.

Denne liker eg å se på, det røde ytterstoffet er gardina fra barnerommet mitt. Eg fekk det av mor for ca 2 år siden.
Foret er eit sengesett fra IKEA, kjøpt for ca 6 år siden og har aldri vore i bruk.

Mønsteret er fra ei Tilda bok, forstørra 150%. Da blir det ein romslig sminkepung/lita toalettveske, veldig anvendelig.
Me har hatt besøk i helga, mye skravling mens me syr. Mannfolka benytta anledningen til andre sosiale aktiviteter (fest i badestamp). Imellom syinga har me laga litt såpe også, ungane fekk kvart sitt stykke av tante før ho reiste.

lørdag 16. mai 2009

Framgang på kjolen i faerytale.

Kjolen vokser den, har delt av for ermehull, videre skal framside og bakside strikkes kvar for seg. Har vore veldig i tvil om eg nokon gong vil montere den når den bilr ferdig, etter å ha spurt om forslag på forumet uformelt har eg blitt enig med meg sjøl om å plukke opp maskar fra ermekanten til ermar.
Dette er noko eg pleier å gjøre på strikkemaskinen, tenkte overhodet ikkje i dei banar mens eg funderte på korleis eg skulle gjer det enklast mulig.

Vaskerommet er "nytt", sist lørdag endevente eg rommet heiv ut og fant andre møbler. Då ting begynte å komma på plass mista eg interesen (som vanlig) og det gjekk fryktelig tregt. I uka har mor vore innom og rydda kjøkken og vaskerom (herlig) så nå har eg snart ingen grunn til ikkje bli ferdig på hobby/gjesterom.