tirsdag 6. april 2010

Hello Kitty kjole/tunika

For nokre uker sider strikka eg ein kjole/tunika på maskin. Ganske tidlig fant eg ut att det ville være fint med eit Hello Kitty fjes på.
Kjolen var lett å strikke, det tok meg kun eit par timar ein føremiddag.
Garnet er mor aase og stripene er eit resultat av att eg var usikker på om eg hadde nok lyseblå.
Fjeset er hekla, det tok meg lang tid å få det fint. Særlig øyrene var vanskelig. Sløyfa er strikka og den blei slik eg ville og hadde sett føre meg på første forsøk.
Dei mørkeblå kantane er strikka for hånd, 1r 1vr.

mandag 29. mars 2010

Guttane sine påskekyllingar.

For nokre uker siden kjøpte eg 3 sett med påskekyllingar på nille, guttane har malt og pynta slik som dei syntes blei fint. Setta inneholdt 3 øyer, heldigvis hadde eg liggande.
Dette er yngstemann sine, hans favoritt farge er grønn. Gutten ville ha dei aller størst auene eg hadde, han brukte så mye lim att kyllingane var kvite heilt til limen tørka.

Mellomste sine kyllingar er vel dei mest alternative, han har fortalt det er robot kyllingar.
Eg har malt benkane og limt kyllingane fast. Det er litt enklare å holda styr på dei då.



Eldstemann sine er meir slik me tenker oss påskekyllingar.

Det tok si tid å lage desse, 3 lag maling og pynting. Egentlig har dei også føtter men den den kyllingkroppen som var i pakkane var ikkje den samme som på bilde. Til denne kroppen syntes ikkje eg det var nødvendig å styre meir.

Guttane brukte opp all limen til pyntinga så igår da eg skulle lime kyllingane på benken måtte eg bruke lynlim. Så nå har eg lim på nesten alle fingertuppane.

fredag 26. mars 2010

Uten bilder

Det er ikkje slik att eg ikkje strikker/hekler, men eg har ikkje bilder av dei siste prosjektene. To luer er hekla på jobb og gitt vekk, siste blei hekla ferdig på fse kurs igår.
For ca 2 uker siden strikka eg ein kjole/tunika på maskin, i helga fekk den påsydd hekla hello kitty fjes framme. Det blei tatt mye bilder men pcen min nekter å godta minnekortet dei er lagra på. Den er allerede gitt vekk, mottaker passer den ikkje heilt ennå men vokser nok inn i den etterkvart.

Etter påske blir eg sansynligvis permitert, da har eg tenkt å bruke litt tid med symaskinen. Har ein gammel kjole eg vil sy skjørt av. Har og tenkt å sy klær til guttane.
Boden under trappa vil eg gjøre om til garderobe, det skapet me har i gangen er ikkje oversiktlig nok til 5 personar. Foreløpig er den boda heilt full så det vil være litt av ein jobb å tømme/rydde den. Vaskerommet trenger også å renskes godt, utrolig kva ein samler på.

onsdag 10. mars 2010

3 ting fra ufo kassen ferdig.

Se kva eg fant i ufo kassen min, strikkeplagg som bare trengde litt montering og festing av trådar. Lua og jakken skal sammen med ein blå body og kvite babysokkar sendast til østlandet der ein liten baby er venta om ca ei uke.

I mangel av betre modell har eg improvisert litt.
Lua er strikka med dobbel tråd i tynn alpakka fra du store alpakka, kva str det er husker eg ikkje men den er ikkje så veldig stor. Den trengde bare å festa nokre få tråendar og knyttebånd.


Jakken hadde eg nesten glemt, den blei lagt vekk fordi eg ikkje fikk til hetta fint. Nå da eg fant den igjen lot eg heller være med heile hetta og syntes den blei fin slik.
Det var fryktelig mangen trådar å feste for jakken er strikka av oppreksgarn. Garnet er ara og eg syntes fargen er veldig fin.
Dukka mi som er str. 62/68 passer denne jakken godt, det er oppbrett på ermane og jakken er rillestrikka så den bør nok passe ei stund.



Denne dukkedressen var nesten heilt ferdig, einaste eg har gjort nå er å feste litt endar og sy i knappar. På dukkeklær liker eg å bruke ulike knappar da får eg brukt einslige knappar.

onsdag 17. februar 2010

To gaver ferdig.

Endelig ferdig med tøflene til mor. Dei er strikka i 3-tråds treskogarn og det gjekk med ca 2,5 nøste. Dei er rillestrikka uten mønster.

Far ville ha ei lue i ull heilfora med fleece, nesten heile familien har leita i alle butikkar utan å finne anna enn luer som er fora til litt over øyrene.
Eg har strikka ei lue i dobbel baby ull fra dale og foret er eit fleeceteppe.
Lua har vore ferdig i eit par uker, eg har bare syta med å sy i foret fordi det måtte gjøras for hånd.



tirsdag 16. februar 2010

Eg har fått dilla på luer.

Eg har lært å strikke luer fra toppen og nedover.
Luene med bilmerke på er strikka med dobbelt garn og pinne 4 mm, den brune diverse ullrester og den blå i lerke og mandarin petit (begge deler var opprekksgarn).
Den i rødt er strikka i ara på pinne 6 mm (eller 7 mm, husker ikkje heilt), den svarte ribben er ein liten rest av iglo.
Disse luene i dobbelt garn og tjukke pinner varmer meir enn luene eg har strikka på maskin. Det er også ein grei måte å bruke garn som er for tjukt til maskinstrikk.

Yngstemann likte ideen om å sy på strykemerker, han hadde Lynet lue i barnehagen idag. Mellomste har tatt den blå ibruk.

lørdag 13. februar 2010

Kjekt med papp.


Bildene her er i fra forrige søndag, da laga eg og guttane låve/fjøs etter instruksjonane fra boka Brukt på nytt.

Duplo dyra til yngstemann har flytta inn, dei var i passe str. Me tilføya ein ekstra hems i bygningen vår.

Må nok innrømme att dei syntes det var kjekkast å bygge og fargelegge(rable på) bygningen.


Me har bruka brei el tape på delene, den begynner nå å slippe taket. Tror kanskje brei maskeringstape fungerer betre. I mangel av tapetkniv klippa eg delene ut med saks, det går men er litt vanskeligare.
Dette var noko som var lett og gjekk fort å få til, neste gong prøver me oss litt fram med andre slags bygningar tilpassa str på lekene dei har.