Dette er yngstemann sine, hans favoritt farge er grønn. Gutten ville ha dei aller størst auene eg hadde, han brukte så mye lim att kyllingane var kvite heilt til limen tørka.
Mellomste sine kyllingar er vel dei mest alternative, han har fortalt det er robot kyllingar.
Eg har malt benkane og limt kyllingane fast. Det er litt enklare å holda styr på dei då.
Eldstemann sine er meir slik me tenker oss påskekyllingar.
Det tok si tid å lage desse, 3 lag maling og pynting. Egentlig har dei også føtter men den den kyllingkroppen som var i pakkane var ikkje den samme som på bilde. Til denne kroppen syntes ikkje eg det var nødvendig å styre meir.
Guttane brukte opp all limen til pyntinga så igår da eg skulle lime kyllingane på benken måtte eg bruke lynlim. Så nå har eg lim på nesten alle fingertuppane.