tirsdag 17. august 2010

Nøstebarn ullbukse str 5 år.


Endelig er buksa til minstemann ferdig, det er kjedelig å strikke 2r-2vr.
Denne gongen har eg brukt smart, håper denne holder seg finare enn den fra ifjor.
Har vore veldig opptatt i det siste med å strikke ullsokkar på maskin, 12 par til meg sjøl og 2 par til ungane (skal strikke meir når eg er hjemma igjen). Nå skal eg på kveldane mens eg høyrer lydbok fortsette på jakken til SO, i pausane på jobb blir det enklare og mindre prosjekter.

lørdag 7. august 2010

Hyttetur i Lyngdal.

Sist helg var familien på besøk i Lyngdal, på hytta til eine søstera mi. Da er det ikkje så veldig langt til Sjølingstad. Dessverre hadde dei ikkje fleire pjonekrokar igjen men eg fant snorgaffel, det har eg ikkje sett før.

Denne gangen har eg handla med meg 2-trådsgarn, ønsker meg jakke og tror desse fargane kan være spennande ilag.


onsdag 4. august 2010

Storproduksjon.

6 par tynne ullsokker er strikka til nå, 3 av dei idag. Først hadde eg tenkt å strikke 7 par, nå ser det ut til att det kan bli meir. Dei er kjempegode å bruke og er mye tynnare en "vanlige" raggsokkar.
Til nå har eg brukt sisu, har bittelitt fabel men dette er rester i ulike farger.
Til ein sokk går det med 33-34 gr garn.
Eg bruker 20 min. for å strikke ein sokk, om ein maske hopper av nåla må eg oftast begynne omigjen. Idag har det gått tålig greit, har ikkje bomma meir en 2 gonger (ein gong rett før tåfelling).



Til å felle av øverst bruker eg smårester av superwash, er litt bevist på å lage forskjellige kanter slik att det er lett å skille par.

Når eg er vel forsynt med sokkar er det andre som også ønsker seg litt. Foreløpig vil dei to yngste ha til vinteren, med veldig spesifike fargeønsker.

søndag 25. juli 2010

Endelig ville pc'en visa bildene mine.

Disse tøflene strikka eg på Aukra, kjempelette og raske (sjøl for meg). Dei kalles for himalaya slippers, kvifor veit eg ikke. Garnet som eg har brukt er online, er litt usikker på om eg liker det. Har eit 150 gr nøste igjen i samme farge, det skal vel bli noko det og.



Baskerlue i str 3-5 år, den blei godt mottat av jenta som fekk den. Strikka av eit nøste som hadde mista "magebelte". "Modellen" er statuen til naboen, guttane mine nekta å ha på seg jentelue.


Har strikka 2 par tynne ullsokkar til nå, idag var plutselig eg og strikkemaskinen ikkje venner lengre. Litt kjedelig men eg blei så sur til slutt att eg mista konsentrasjonen.
Prøver meg igjen snart, har funnet fram nesten 1 kg med nylonforsterka garn.

torsdag 22. juli 2010

Det er normalt å bruke ullsokkar på sommaren.

Snart i mål med nytt mønster, idag har eg prøvd meg fram på strikkemaskinen for å strikke sokkar. Eg har litt sisu liggande og trenger litt tynnare sokkar nå i sommar (kollegane mine meiner eg er riv ruskande gal som bruker raggsokkar på sommaren).
Nå tror eg att masketall og framgangsmåten er heilt klar, kvier meg litt for å sette igang for eg skal strikke minst 7 par.
Målet er å bruke opp alt eg har av egna garn til dette, aller helst før eg reiser på jobb.

onsdag 21. juli 2010

Eg er her ennå.

Har bytta pc og den liker vist ikkje minnekortet fra kamera mitt. Det er ikkje heilt det samme å lage innlegg uten bilde.
Det ser ut til att mellomste overtar den lille røde pcen, han er storfornøyd. Den blei faktisk for treig for meg, så nå har eg overtatt SO sin pc.

søndag 4. juli 2010

Personlig bagasjelapp


Nå har eg sydd meg ein bagasjelapp, trenger det når eg bruker fly for å komme til jobb. Fornøyd er eg ikkje men den holder til eg har tenkt ut ein annan løysning.
Er på jobb nå og må nøye meg med å planlegge.