
onsdag 26. mai 2010
søndag 23. mai 2010
Strikka vinhøne.
Ca 4 dagar tok det å strikke eit par sokkar. Dei er litt ubehagelige å gå i, harde. Tror ungane overtar det eg har igjen av dette garnet. Men fleire sokkar blir det nok etterkvart, eg trenger fleire.
onsdag 19. mai 2010
Sjølkomponert sokkar.
Mandag fekk eg igjen trang til å strikke sokker (igjen), det pleier å gå over etter 10-20 omganger 2 r og 2 vr. Tidligare har eg strikka eit par tåogopp sokkar, dei er i bruk men liker egentlig ikkje tå og hælen.
Mandag kveld satt eg eit par timar og prøvde meg fram på kordan eg fekk fint tåparti, etter 5-6 forsøk kom eg fram til att midlertidig opplegg med eit hjelpegarn fungerer best.
Da eg kom til vrista øka eg til det var på tide å forme hælen. Hælen ser kanskje litt oppned ut men det fungerer. For att avfellingskanten ikkje skal stramme strikka eg 2m, k heile omgangen før avfellig. Garnet eg har brukt er labbetuss kjøpt på europris, det er heilt greit å strikke med.
Heldigvis har eg notert litt underveis så eg klarer å strikke ein til. Målet er å kunne strikke ullsokkar nok til eget bruk, på jobb bruker eg ullsokkar sommer og vinter og dei slites fort.

Mandag kveld satt eg eit par timar og prøvde meg fram på kordan eg fekk fint tåparti, etter 5-6 forsøk kom eg fram til att midlertidig opplegg med eit hjelpegarn fungerer best.
Heldigvis har eg notert litt underveis så eg klarer å strikke ein til. Målet er å kunne strikke ullsokkar nok til eget bruk, på jobb bruker eg ullsokkar sommer og vinter og dei slites fort.
onsdag 12. mai 2010
Ulltrøye ferdig.
Heilt uventa fekk eg ein telefon igår om att eg skal ein tur til Ormen Lange på Aukra om 2 uker. Der har eg ikkje vore før, håper det blir meir enn den eine turen (2-3 rotasjon seier me ikkje nei til). Det passer fint att ungane ennå går på skulen når eg er vekke, så får me se kordan sommeren blir.
onsdag 5. mai 2010
Jippi
Denne fantastiske boka kom først ut i 1977, for mangen år siden lånte eg den på biblioteket men har ikkje funnet den etter det. For nokre dagar siden fant eg ut att den var trykt opp igjen, da var eg ikkje sein om å bestille. Dessverre får eg ikkje tak i tilsvarande bok med str 4-7 år, håper det kommer etterkvart.
Boka er kjøpt hos Tanum, den blei bestilt på fredag og eg fekk den igår (tirsdag). Liker når ting skjer fort.
Har to bøker til på ønskelista, får se etterkvart kva det blir til.
Eldstemann har lært å strikke, ambisjonane er skyhøge. Han skal strikke laaaaange skjerf men har ikkje tålmodighet til å strikke meir enn 4-5 masker om gangen.
Han har også bestemt att oldemor skal få veske han har sydd, modellen han har valgt har ei del håndsøm. Lurer på kordan det skal gå for han er redd knappe- og synåler, symaskinen er han ikkje redd i det heile tatt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)