søndag 31. oktober 2010

Slik kan det gå når formann ikkje har jobbpakke på lua.



Formann ønska seg ny lue, det må kunne ordnes. Han hadde med garn og eg fekk frie tøyler.
Framgangsmåten er enkel, 3 lm km i første lm- 6 fm km i første fm, øk videre 6 fm kvar omgang til det er nok m.
Hovudskallen er sydd i korssting etterpå, det blei ikkje fint da eg prøvde å hekle med to farger men eg klarte ikkje å gi slepp på den. Mønsteret til skallen er funnet på Ravelry, der fant eg også oppskrift til blomstene, på engelsk men lett å forstå.


Garnet er alpakka fra Sandnes Garn, av 100 gr brunt og 50 gr rosa er det ikkje mye igjen, den store blomsten oppå blei til fordi formann var redd for stor dusk. Neste lue er under planlegging, har fått ein ide som kan være morsom.

Kjenner att det blir fleire luer iår, var innom Dale Garn sine nettsider og så på det nye hefte til Arne & Carlos det skal eg få tak i når eg kommer meg hjem (bare 2 dagar igjen).

onsdag 13. oktober 2010

Snakk om flaks.

Denne boka trodde eg var utsolgt og hadde ikkje håp om å finne den før julen 2010. Var ein liten tur innom Husfliden og der hadde dei fått inn nye idag.
Strikka julekuler i tradisjonelle mønster må jo bli bra. Å strikke med to farger på ein gong er noko eg ikkje har likt, men nå sitter eg her å koser meg med garn og pinner.
Det er litt vanskeligare å holde styr på to farger men det går nok lettare etter litt trening.

mandag 27. september 2010

Ny veske

Denne veska er nå i bruk daglig, den bruker eg til strikke/hekletøy og andre ting det eg greit å ha med seg på jobb. Stoffet bildet er strøket på er eit gammalt laken og resten av veska er to av SO sine skjorter, ei utpå og ei til for.
Eg ville sy ei veske der bildet viste godt igjen og har fått det slik eg ville.

mandag 13. september 2010

Fra joggebukse til sparkebukse.

Plutselig fekk eg lyst til å sy. Fram med boka "Børnetøy du selv kan sy 0-4 år" og gamle klær. Sparkebuksa eg prøvde meg på var enkel og grei, str 3 mnd. og passer perfekt til dukka. Buksa er sydd av mi gamle utvaska joggebukse. Stoffet har mista mye elastisitet og egner seg derfor ikkje som baby tøy fordi sømmane er for harde.
Dette var kjekt, skal heilt klart prøve fleire modeller fra denne boka.

tirsdag 7. september 2010

Ny interesse?

Det går litt tregt med strikkinga for tida, nå er det maling som gjelder. Rommet til eldstemann skal fornyast og det tar tid å male x antall strøk grunning/maling.
Eg er "heldig" og arver kleskapet, gleder meg til å flytte det ned trappa (grøss). Fordelen er att eg kan få stuva mye rart inni, håper å få plass til alle stoffene og sy tinga.

tirsdag 17. august 2010

Nøstebarn ullbukse str 5 år.


Endelig er buksa til minstemann ferdig, det er kjedelig å strikke 2r-2vr.
Denne gongen har eg brukt smart, håper denne holder seg finare enn den fra ifjor.
Har vore veldig opptatt i det siste med å strikke ullsokkar på maskin, 12 par til meg sjøl og 2 par til ungane (skal strikke meir når eg er hjemma igjen). Nå skal eg på kveldane mens eg høyrer lydbok fortsette på jakken til SO, i pausane på jobb blir det enklare og mindre prosjekter.

lørdag 7. august 2010

Hyttetur i Lyngdal.

Sist helg var familien på besøk i Lyngdal, på hytta til eine søstera mi. Da er det ikkje så veldig langt til Sjølingstad. Dessverre hadde dei ikkje fleire pjonekrokar igjen men eg fant snorgaffel, det har eg ikkje sett før.

Denne gangen har eg handla med meg 2-trådsgarn, ønsker meg jakke og tror desse fargane kan være spennande ilag.