søndag 31. oktober 2010

Slik kan det gå når formann ikkje har jobbpakke på lua.



Formann ønska seg ny lue, det må kunne ordnes. Han hadde med garn og eg fekk frie tøyler.
Framgangsmåten er enkel, 3 lm km i første lm- 6 fm km i første fm, øk videre 6 fm kvar omgang til det er nok m.
Hovudskallen er sydd i korssting etterpå, det blei ikkje fint da eg prøvde å hekle med to farger men eg klarte ikkje å gi slepp på den. Mønsteret til skallen er funnet på Ravelry, der fant eg også oppskrift til blomstene, på engelsk men lett å forstå.


Garnet er alpakka fra Sandnes Garn, av 100 gr brunt og 50 gr rosa er det ikkje mye igjen, den store blomsten oppå blei til fordi formann var redd for stor dusk. Neste lue er under planlegging, har fått ein ide som kan være morsom.

Kjenner att det blir fleire luer iår, var innom Dale Garn sine nettsider og så på det nye hefte til Arne & Carlos det skal eg få tak i når eg kommer meg hjem (bare 2 dagar igjen).