søndag 25. juli 2010

Endelig ville pc'en visa bildene mine.

Disse tøflene strikka eg på Aukra, kjempelette og raske (sjøl for meg). Dei kalles for himalaya slippers, kvifor veit eg ikke. Garnet som eg har brukt er online, er litt usikker på om eg liker det. Har eit 150 gr nøste igjen i samme farge, det skal vel bli noko det og.



Baskerlue i str 3-5 år, den blei godt mottat av jenta som fekk den. Strikka av eit nøste som hadde mista "magebelte". "Modellen" er statuen til naboen, guttane mine nekta å ha på seg jentelue.


Har strikka 2 par tynne ullsokkar til nå, idag var plutselig eg og strikkemaskinen ikkje venner lengre. Litt kjedelig men eg blei så sur til slutt att eg mista konsentrasjonen.
Prøver meg igjen snart, har funnet fram nesten 1 kg med nylonforsterka garn.

torsdag 22. juli 2010

Det er normalt å bruke ullsokkar på sommaren.

Snart i mål med nytt mønster, idag har eg prøvd meg fram på strikkemaskinen for å strikke sokkar. Eg har litt sisu liggande og trenger litt tynnare sokkar nå i sommar (kollegane mine meiner eg er riv ruskande gal som bruker raggsokkar på sommaren).
Nå tror eg att masketall og framgangsmåten er heilt klar, kvier meg litt for å sette igang for eg skal strikke minst 7 par.
Målet er å bruke opp alt eg har av egna garn til dette, aller helst før eg reiser på jobb.

onsdag 21. juli 2010

Eg er her ennå.

Har bytta pc og den liker vist ikkje minnekortet fra kamera mitt. Det er ikkje heilt det samme å lage innlegg uten bilde.
Det ser ut til att mellomste overtar den lille røde pcen, han er storfornøyd. Den blei faktisk for treig for meg, så nå har eg overtatt SO sin pc.

søndag 4. juli 2010

Personlig bagasjelapp


Nå har eg sydd meg ein bagasjelapp, trenger det når eg bruker fly for å komme til jobb. Fornøyd er eg ikkje men den holder til eg har tenkt ut ein annan løysning.
Er på jobb nå og må nøye meg med å planlegge.

fredag 25. juni 2010

Lysten til å sy er tibake.

Denne tunikaen er sydd på 2-3 dagar, av eit dynetrekk. Det er eit enkelt mønster, framside og bakside + ca 4 cm strimler og skråbånd.
Er stort sett fornøyd med resultatet, eit par løysningar kunne vore litt meir gjennomtenkt men får legge det på minnet til neste gong.
Størrelsen er 42 og passer meg bra men er ikkje heilt overbevist ennå om eg liker den.

mandag 21. juni 2010

Såpelaging.

Etter att Panduro åpna butikk i Stavanger er det lett å gå litt amok. Eg og guttane var innom på torsdag og da var det tilbud på nokre av såpebasane. Sjølsagt glemte eg å kjøpe farge, har brukt vanlig konditorfarge istedet.
Hadde bare grønn hjemma, men har vore i butikken og kjøpt gul og rød.

Solsikkene er muffins former som eg kjøpte på Ahlens tidligare, passe størrelse til såpestykker og dei er av silikon. Kjempelett å få såpene ut av forma og dei trengs ikkje smørast.

Dei første såpene fekk eit tjukt kvitt lag av skum, kokte såpemassen ikkje så veldig lurt.

søndag 20. juni 2010

Ferjekø.

Idag for få minutter siden tok eg dette bildet, det er utrolig nok ferjekø.