mandag 4. april 2011

Heildress til baby.

Har sydd heildress til baby str 6 mnd av eit fleece teppe og ein tynn jakke som ikkje passa meg lengre. Mønster er fra boka sikksakk. Eg har ikkje lest sømbeskrivelsen, teikner bare av mønster og syr ivei som det passer meg. Stort sett går det greit og viss ikkje så tilpasses det underveis.
Bortsett fra eine sømmen i halsen som er for hånd er alt sydd på overlock maskinen.

mandag 21. februar 2011

Morsdag overraskelse på Aukra.

Søndags morgon var som alle andre dagar på Aukra, heilt til eine formannen plasserte ein pakke av sammenteipa papirark foran meg på bordet. Må innrømma eg eit øyeblikk var skeptisk til kva dei hadde funnet på. Da eg tok reiv vekk papirarka viste denne "vasen" seg, fylt med dumle og smørbukk (det hadde vist ikkje vore mulig å få tak i blomster kvelden før).
Sjølsagt var eg ikkje i tvil om att den skulle være med meg hjem, den står nå på stuebordet med ein bukett roser i (SO overrasker ennå)

Denne lua har tatt tid, eg fekk garnet av formann før jul men det har til tider gått treigt. Planen var bestemorsruter i litt ulike størrelser men eg fant ikkje nokon eg likte, så da blei det striper i ulike bredder. Hadde ein aldri så liten skattejakt i knappesamlingen for å forsikre meg om att lua blei noko heilt for seg sjøl.

Denne lua har vore ferdig ei stund men eg ville vente med bilde siden svigerfar skulle få den. Strikka i freestyle fra Dale, kor eg fant mønsteret husker eg ikkje lengre.


mandag 24. januar 2011

Enda ei lue

Eldstemann har fått ny lue som han er veldig fornøyd med, han gikk med den på seg inne i heile gårkveld. Yngstemann har "bestilt" lue fra samme hefte (Arne & Carlos), med hanekam.
Har eit par-tre luer til som ikkje er heilt ferdige ennå, det kommer bilder etterkvart.

lørdag 22. januar 2011

Fornying

Idag har strykebrettet fått nytt trekk, det er veldig lett. Eg tok av det gamle og la oppå det nye stoffet og tegna rundt. Overlock maskinen har ein fot til isying av strikk, med den tok det bare eit par minutter å sy fast strikken til stoffet.
Har ikkje brukt overlocken så mye, litt synd for den er veldig grei å bruke.

fredag 31. desember 2010

Litt baby ting.

Denne sydde eg då mellomste var baby, den har plass til to pakkar med bleier. Det var veldig praktisk å ha bleiene lett tilgjengelig når eg stella ein liten som var utålmodig. Nå har søstera mi fått den om ho vil bruke den veit eg ikkje ennå.


Buksa er strikka i ein ull/silke blanding og blei påbegynt i vår/sommer, har ligget nesten ferdig lenge. Måtte ta meg sammen å feste trådar og sy i knappar da gutten som skulle bruke den endelig blei født. Sokkane er strikka i alpakka, dei har også vore nesten ferdige lenge.

Var godt igang/nesten ferdig med å strikke "kjørepose" da eg fant ut att heile greia såg rart ut. Den er nå opprekka og eg er godt igang med ei lue av oppreksgarnet (freestyle). Tenker eg heller strikker ein liten jakke til småen.

mandag 13. desember 2010

Eit par vottar på 4 dagar.

I går festa eg trådane på vottane, dei er strikka i falk og det gjekk med nesten eit nøste pr vott. Veit ikkje heilt kva eg skal gjer nå, har eit par ting som venter men det frister ikkje akkurat for øyeblikket. Må nok prioritere kjøreposen siden det er mindre enn 2 uker til termin. Har hette, ermer og montering igjen. Er litt skeptisk for det minker litt for fort på garnet etter mi meining.

søndag 12. desember 2010

Lue til Liverpool fan

Lua øverst blei desverre alt for stor (vid) og blei derfor rekka opp, under er lua slik den blei. Etter å ha rekka opp lua to gonger hadde eg ikkje tid til å rekke opp ein tredje gong og bli ferdig før me skulle hjem. Garnet er sisu, strikka i dobbel tråd på pinne 3 mm.
Innimellom opprekking og febrilsk strikking har eg strikka to luer til men har ikkje festa trådane ennå.

Da eg kom hjem fekk eg spørsmålom eg kunne strikke eit par svarte vottar i voksen str. Er godt igang og er ferdig imorgon om eg får til tomlane fine.