søndag 31. oktober 2010

Slik kan det gå når formann ikkje har jobbpakke på lua.



Formann ønska seg ny lue, det må kunne ordnes. Han hadde med garn og eg fekk frie tøyler.
Framgangsmåten er enkel, 3 lm km i første lm- 6 fm km i første fm, øk videre 6 fm kvar omgang til det er nok m.
Hovudskallen er sydd i korssting etterpå, det blei ikkje fint da eg prøvde å hekle med to farger men eg klarte ikkje å gi slepp på den. Mønsteret til skallen er funnet på Ravelry, der fant eg også oppskrift til blomstene, på engelsk men lett å forstå.


Garnet er alpakka fra Sandnes Garn, av 100 gr brunt og 50 gr rosa er det ikkje mye igjen, den store blomsten oppå blei til fordi formann var redd for stor dusk. Neste lue er under planlegging, har fått ein ide som kan være morsom.

Kjenner att det blir fleire luer iår, var innom Dale Garn sine nettsider og så på det nye hefte til Arne & Carlos det skal eg få tak i når eg kommer meg hjem (bare 2 dagar igjen).

onsdag 13. oktober 2010

Snakk om flaks.

Denne boka trodde eg var utsolgt og hadde ikkje håp om å finne den før julen 2010. Var ein liten tur innom Husfliden og der hadde dei fått inn nye idag.
Strikka julekuler i tradisjonelle mønster må jo bli bra. Å strikke med to farger på ein gong er noko eg ikkje har likt, men nå sitter eg her å koser meg med garn og pinner.
Det er litt vanskeligare å holde styr på to farger men det går nok lettare etter litt trening.