torsdag 26. mars 2009

Nye strikkepinner.

Idag har eg handla "litt", var innom husfliden i Stavanger for kjøpe garn og kjoleoppskrift. Dei hadde det eg leita etter og strikkepinnesett (Knit Picks) fra Du Store Alpakka, 8 utskiftbare pinner og 4 kabler.
Eg har lenge ønska meg det settet og kjøpte det i dag fordi eg har vore flink og endelig levert reiserekningar for januar, februar og mars.
På vei til ferja gjekk eg innom norli, der fant eg ei kjekk bok med barneklær som også fekk bli med hjem.

Har så smått begynt å legge opp masker, skal kose meg med å strikke kjolen når eg ser CSI i kveld (opptak). Det blir eit arbeid som er litt for stort til å reise med så då er det godt å ha jakken i ranglan felling.
Begge ermane er ferdige, eg har begynt på bolen og er ferdig med ribbkanten nede. Før eg begynte var eg litt i tvil om grønnfargen var fin, nå syntes eg den er kjempefin.

søndag 22. mars 2009

Kjole blei skjørt.

Kjolen eg holdt på med blei heller skjørt, sist helg oppdaga eg att dei 18 cm eg hadde strikka 1 r 1 vr skulle vært 3 r 3 vr. Da besteme eg meg heller for å felle av, rekke opp 18 cm var ikkje aktuelt.
Det er strikka med 2 tr mini alpakka fra Sandnes Garn, på pinne nr 5.
Heklekanten blei gjort igår, 2 runder fm og 1 runde "blonde".
Måtte tre buksestrikk øverst, skjørtet er tungt og ribben holder ikkje.

Har fremdeles lyst på kjole, i brunt, svart eller grå. Skal innom Husliden på torsdag å se på kjole strikka i Fearytale, ellers blir det kanskje samme mønster igjen med orginalgarn dene gang.

Fredag fekk desse pannebånda knapp, det blå er kitten mohar, det kvite babysilk og det brune sisu med glitter.

Har idag begynt på kragejakke (lik den kvite eg strikka før jul), denne gang i str 2 år. Sist gang gjekk det ganske fort å strikke, håper det går like fort nå.

torsdag 12. mars 2009

Kva er dette?

Eg har hatt noko fritidsgarn liggande ei stund, for å bli kvitt det har eg begynt å hekla.

For å bli ferdig skal eg hekle ein rød del til før det kan sys sammen.

Litt stolt over å endelig blitt ferdig med sokkane eg begynte på julaften.
Har komt godt igang med neste par. Trenger tynnare ullsokkar på jobb når det blir varmare i været.

torsdag 5. mars 2009

Pannebånd.

Dette har eg strikka denne uka, skal sy i knapp og feste trådane snarast.

Ullsokkane mine begynner å bli slitt, på tide å strikke nye. Derfor har eg vore å kjøpt garn til nye.