fredag 30. januar 2009

Tykk bukse.



Idag blei eg ferdig med bukse, strikka i hubro på pinne 9 mm. Den skulle egentlig være til 5 åringen men passa betre til 4 åringen. Å strikke på så store pinnar er ikkje lett, eg har garn til ei bukse til men orker ikkje å strikke den ennå.

Fant oppskrift til ein kort vest-ting med krage på drops, kanskje blir hubro garnet brukt til dette.

Fant oppskrift på kjole til oppvaskflaska i forrige helg. Kjøpte nytt bomullsgarn i går (gav vekk alt bomullsgarnet til mor som skal strikke pyntehåndklær) og begynte. Rekte opp eit par gonger og har nå bestemt att det skal bli vinflasketrekk.

Teppet vokser fremdeles litt og litt, 40 cm har det blitt.

søndag 25. januar 2009

Liker ikkje å klø.

Forrige søndag gjorde eg ferdig ny strikkebukse til meg sjøl, etterpå fant eg ut att den klødde derfor fekk den ikkje vera med til Egersund. Eg har ganske mye igjen av det garnet, veit ikkje heilt kva eg skal gjør med det ennå.
Planen var att eg skulle strikke ny denne helga, eg begynte godt fant fram ei hesple med 1 kg sisu og nøsta opp 4 kjempenøster.
Så fant eg ut att nå har eg jo bare ei hesple igjen like greit å ta den også så er eg ferdig med det.
Det er 2,6 kg alpakk og eg har nøsta opp litt til å strikke kjole til meg sjøl, dobbel tråd og pinne 5 går det tålig greit.
Teppet vokser bittelitt, det er ca 1 m i bredde og bør bli tilsvarende høgt.

søndag 18. januar 2009

Hekla lue.

For ei tid tilbake kom søstera mi med ein pose forskjellig bomullsgarn som det er meininga eg skal lage luer av.
Eit par er de blitt, her er den siste foreløpig.
Mønsteret er fra hefte mormors luer, dette er valmue uten blomsterdill.
Garnet er kolibri fra dale, fargen er egentlig ikkje rosa men rød.

Teppet går litt tregt, nærmer meg slutten på det påbegynte nøstet.
Det viste seg att ikkje alle nøstene kom fra samme fargebad, så lenge det er eit teppe bør det ikkje ha noko å seie.

søndag 11. januar 2009

Ribbestrikka bukse ferdig.

Buksa er ferdig, eg har ikkje fått prøvd den på 4 åringen ennå men 5 åringen passer den så det er meir enn godt nok.
Den brune tingen er eit teppe om eg skal strikke ferdig, baby ull fra Gjesdal ASA. Da eg fekk det var det blitt strikka med pinne 6 mm, eg strikker laust og måtte bytte til pinne 5 mm. Planen er ganske enkelt å strikke til det er passe stort. Enkel strikk på toget og om kvelden når eg ser på TV.

søndag 4. januar 2009

På jobb igjen.

Imorgon reiser eg til Egersund, skal tilbake på jobb 100%.
Skal i løpet av uka snakke med vidergående her for å se om eg kan ta fag og få studiekompentanse. Skal prøve å ta det over 2 år, må nesten se kva dei seier på skulen. Målet er å få ein utdannelse som gjør att eg slepper å ukependle.



Denne strikker eg på nå, har holdt på ei god stund men nå nærmer den seg ferdig. Mangler ca 10 cm på eine foten og ca 15 cm på andre.

Den er strikka i diverse garntyper i omtrentlig samme tykkelse, dobbel tråd på pinne 3,5 mm. Mønsteret er fra "Strikk til nøstebarn". Den er strikka i str 2-4 år, skal strikke beina lange nok til att 4 åringen kan ha den ei stund.

lørdag 3. januar 2009

Oransje hakka lue.



Lua var ferdig 31 desember, eg er bare litt treg med å ta bilde.

Den er hakka i pt2 på 4 mm dobbel hakkekrok.

Eg la opp 80 luftmasker, rundhakker til passe høyde på arbeidet. Når eg begynner med å felle hakker eg 2 m sammen så 8 m som vanlig heilt rundt (greit med ett merke der omgangen begynner), 1 omgang uten felling. Neste omgang 2 m sm og 7 m som vanlig. Fortsett å felle annenkva omgang med 1 mindre maske mellom fellingane. Etterpå har eg hekla omganger fastmasker rundt kanten.

Tidligare har eg hakka samme lue i Silja den blei litt romsligare og 4 åringen bruker den ofte. Pt2 garnet virka "striare" og ikkje så elastisk, skal eg bruke det igjen vil eg legge opp fleire luftmasker.