fredag 31. oktober 2008

Luer i restegarn.

Strikka luer av restegarn, eg legger opp ca 130-140 m på maskin og strikker 50-60 rader tar maskane over på pinne og strikker fellinga for hånd.
Siden eg har ein del restegarn og enslige nøster blir det kanskje "litt" meir luer her snart.
Har litt lyst til å strikke votter på maskin, kjekt å ha lue og votter i samme/liknande fargar. Det blir litt meir montering så eg får se.

fredag 17. oktober 2008

Vellykka omsying


Toalettveska fra tidligare er omsydd. Nå er eg fornøyd den blei sånn eg hadde sett for meg.
Den kvite blei ikkje heilt som planlagt, det var stoff og glidelås som bestemte størrelsen.

mandag 13. oktober 2008

Tova vottar og toalettveske.


Vottane blei strikka i str 5 år, etter toving tror eg dei passer betre til 2-3 åring.

Dei rosa og blå er strikka i fritidsgarn, dei kvite er strikka i bånsull lanolingarn og noko eg kjøpte på fretex.








Denne har eg sydd i dag, av ein gammal kjole og plastbelagt frotte inni.
Eg er ikkje fornøyd med kordan den blei og skal modifisere den øverste delen.
Skal bl.a. bytte glidelåsen ut med ein litt kortare, og lage ein form for hempe.




onsdag 8. oktober 2008

Sokker til meg.



Eg strikker sokker til meg sjøl, i sisu. Sokken er strikka på p 2,5 og eg begynte på tåa.

Det andre grønne skal bli vottar, garnet kjøpte eg på Nille (håper 3 nøster er nok).

lørdag 27. september 2008

Syhelg


Forrige helg fekk eg ein grunn til å ta fram symaskinen, Anita og Frode var på besøk heile helga (slik att me fekk god tid til å sy).
Eg fullførte veska tirsdag kveld, eg liker den godt og har fått skrøyd for den.
Toalettveska blei tatt i bruk lørdag (samme dag den var ferdig).
Veska med hundar er ikkje heilt ferdig ennå, vrengeåpningen inni må sys for hånd.
Igår fekk eg ein god nyhet, for å få fortgang i prøvetakning vil nevrologen søke meg innlagt på sykehuset. Håper det skjer snart, eg har nå vore sykemeldt i 6mnd.

tirsdag 16. september 2008

Idag.

Idag skulle eg ha vore på sykehuset, men litt før ni fekk eg telefon om att nevrologen var syk og avtalte ny tid. Mens eg er i telefonen kommer mor og seier att ferja me skal ta er innstilt.
Heldigvis må eg ikkje vente lenge før eg skal inn igjen.

Eg strikker litt for hånd på pinne nr 6 og må då være veldig forsiktig så eg ikkje overbelaster håndledda, det beste da er å strikke fletter på pinne nr 2-3 innimellom.
Lørdag bestilte eg litt stoff fra stoffogstil.no og håper intenst dei kommer før helga (for då kommer Anita og Frode), viss ikkje har eg jo "litt" liggande.
Idag kjøpte eg 4 stk pøler på Jørpeland, planen er å sy trekk til dei i helga.

Det er litt morsomt å se i butikkane for tida, veldig mye strikkeplagg. Tilnærma like bukser eg har strikka 3 stk av koster 250 kr.

fredag 12. september 2008

Litt stoff.

Forrige helg da eg var på Sandnes fant eg desse stoffene på "Sy gleden". Det med kattane og det rosa er mitt, det skal bli ei lita veske eller toalettveske.
På bursdagen lovde eg Silje ei toalettveske i samme fargane som veska, etter eg fant dette med hundar på så måtte det bare bli det.