torsdag 31. juli 2008



Eit lam ferdig, tror ikkje det blir fleire med det første. Det er litt håndsøm og det liker ikkje eg så godt.

Fjeset blei litt rart fordi eg har ikkje klipt vekk frotteen undet bomullstoffet.

Ellers har eg bygd kompostbinge (tok 3 dagar) av 2 pallar og nokre plank. Heile greia er skrudd samman. Den er allerede tatt i bruk, det er så utrolig mye rart som vokser i "plenen" vår.

fredag 25. juli 2008

Bleiepose.

Denne dukka opp da søstera mi gjekk gjennom klær som var lagt vekk, den er til å ha bleier i. Om eg ikkje husker heilt feil er den sydd i 2003 ein gong, den blei brukt litt og lagt vekk da me flytta fra Sandnes, nå har eg tatt den i bruk igjen.

Igår fekk eg montert den andre kommoden, så nå har eg plass til alle håndklærne og sengtøyet til ungane.
Inni kleskapet til eldstemann har eg skrudd fast eit trånettingstativ, lei av att klærne blei blanda sammen.


tirsdag 22. juli 2008

Endelig noko for strikkemaskin.

Etter å ha lest litt meir i Maskeball fant eg ut att nokre av oppskriftene er for strikkemaskin, Brothers, men det er nærme nok til att eg forstår. Etter to kveldar og dagen i dag har eg strikka bukse til meg sjøl, holder på med montering enda.
Nå kommer den litle garnauken frå i går godt med, fra før har eg lite garn i samme farge.

Symaskinen har ikkje vore i bruk på ei stund, etter å ha sett lamma til Anita har eg verka etter å sy like, men får ikkje somla meg til det. Tekanna treng "frakk" det samme gjer presskanna.

mandag 21. juli 2008

Handletur.


Idag har eg og eldste vore på tur med søstera mi og ungar, dei skulle kjøpe kaniner.

Først ein liten tur i Stavanger, Løvås og Magasin Blå. Så gjekk turen til Sandnes Garn Fabrikkutsalg, først tok me feil vei og spiste før me fant fram. Da me gjekk derifrå hadde eg handla nesten 12 kg garn.

Neste stopp var Kvadrat, kikka litt og handla kaniner, før me reiste hjem via Gjesdal (der hadde dei ikkje garn av interesse).
På bilde er dei 3 øverst posane sisu ca 1 kg pr pose.
Den nede til venstre er lanette ca 1 kg.
Lille rosa cone er ullgarn ca 1,1 kg.
Dei 2 store cona er også ullgarn ca 2,1 kg pr stk.
+ 2,4 kg alpakka som ikkje er på bilde.

lørdag 19. juli 2008

Nye bøker.



Dette har eg fått på forskudd til 32 års dagen. Foreløpig har eg sett gjennom maskeball, det er eit par ting som frister.

Om eg får det til (og orker ekstra montering) skal eg prøve nokre oppskrifter på strikkemaskin.

På garnstudio fant eg kjole og tunika eg vil prøve meg på, den kjolen eg likte best hos Gjesdal var i bomull, ikkje min favoritt å jobbe med. Siden det betyr mye arbeid venter eg litt med kjole, vil se om det er nokre fine på større pinnar.

Nesten ferdig er ei ny lue alpakka (siden den første blei for liten) denne er svart og lilla.

fredag 18. juli 2008

Hekla lue i alpakka.



















Lua blei hekla ferdig i går kveld, idag har eg festa tråder på denne og perlestrikket.

I oppskrifta skal ein begynne nede og hekle oppover. Eg har begynt i toppen og hekla nedover, syntes det er lettast.

Nå har eg rett heklefasthet i forhold til mønster, men syntes den er stram rundt hovudet. Så ikveld må eg finne nytt garn og hekle større lue som eg kan gi bort i gave.
Yngstemann er glad i grønt så den blir kanskje hans.

Pulsvarmere ferdig.

Pulsvarmerne er ferdige, siden det var så mangen perler igjen begynte eg på eit nytt par, det paret blei eit pannebånd siden det ikkje var så høgt.
Dette er strikk som går fort.

Eg har kjøpt fleire perler og rekner med å strikke fleire pulsvarmere snarast.