onsdag 17. februar 2010

To gaver ferdig.

Endelig ferdig med tøflene til mor. Dei er strikka i 3-tråds treskogarn og det gjekk med ca 2,5 nøste. Dei er rillestrikka uten mønster.

Far ville ha ei lue i ull heilfora med fleece, nesten heile familien har leita i alle butikkar utan å finne anna enn luer som er fora til litt over øyrene.
Eg har strikka ei lue i dobbel baby ull fra dale og foret er eit fleeceteppe.
Lua har vore ferdig i eit par uker, eg har bare syta med å sy i foret fordi det måtte gjøras for hånd.



tirsdag 16. februar 2010

Eg har fått dilla på luer.

Eg har lært å strikke luer fra toppen og nedover.
Luene med bilmerke på er strikka med dobbelt garn og pinne 4 mm, den brune diverse ullrester og den blå i lerke og mandarin petit (begge deler var opprekksgarn).
Den i rødt er strikka i ara på pinne 6 mm (eller 7 mm, husker ikkje heilt), den svarte ribben er ein liten rest av iglo.
Disse luene i dobbelt garn og tjukke pinner varmer meir enn luene eg har strikka på maskin. Det er også ein grei måte å bruke garn som er for tjukt til maskinstrikk.

Yngstemann likte ideen om å sy på strykemerker, han hadde Lynet lue i barnehagen idag. Mellomste har tatt den blå ibruk.

lørdag 13. februar 2010

Kjekt med papp.


Bildene her er i fra forrige søndag, da laga eg og guttane låve/fjøs etter instruksjonane fra boka Brukt på nytt.

Duplo dyra til yngstemann har flytta inn, dei var i passe str. Me tilføya ein ekstra hems i bygningen vår.

Må nok innrømme att dei syntes det var kjekkast å bygge og fargelegge(rable på) bygningen.


Me har bruka brei el tape på delene, den begynner nå å slippe taket. Tror kanskje brei maskeringstape fungerer betre. I mangel av tapetkniv klippa eg delene ut med saks, det går men er litt vanskeligare.
Dette var noko som var lett og gjekk fort å få til, neste gong prøver me oss litt fram med andre slags bygningar tilpassa str på lekene dei har.