lørdag 23. august 2008

Dukkeklær.

Denne dressen begynte eg på for ca 5 år siden, i høst strikka eg den andre armen og monterte den, igår fekk den endelig knappar og er nå heilt ferdig.
Den er strikka i smart fra gjesdal garn.
Litt og litt minker innholdet i kassen med uferdige arbeid. Når eg er rastlaus og ikkje veit kva eg skal ta meg til roter eg litt oppi kassen og finner noko som eg kan fullføre.

tirsdag 19. august 2008

Voff



Denne silluetten har eg brukt lang tid på å finne, kva det skal bli røper eg ikkje ennå.

Problemet har ikkje vore å finna bilder, men eit bilde som er godt som silluett. Denne valpen fant eg i ei barnebok hos farmor, den er forstørra 250% på printeren.

Før eg kan sy med maskin skal eg sy knappehullsting rundt speilbildet av den avbilda valpen.

fredag 15. august 2008

To bukser ferdig.



Buksa til dukka hadde eg glemt ut. Nå har eg strikka selar, ribb nede på beina, sydd i knappar og festa veldig mangen trådar.
Eg har brukt strikkemaskin på det som er glattstrikka resten er stikka for hånd.

Mesteparten av den gule buksa er maskinstrikka, ribben nederst på beina er strikka for hånd.
Denne skal eg bruke som stilongs når det blir kaldare.

tirsdag 5. august 2008

Trøye blir jakke.

Først eit før bilde, trøya som eg hakka for ei tid sida, den blei trang og vond å kle på og var for vid i halsen.
Først sydde eg to sømmar med maskin og klipte opp mellom. Så hekla eg fastmasker over sårkanten, hakka stolpe og hals. Stolpane gjekk greit men halsen tok litt tid for å få fin.
Etter å ha festa trådar og sydd i knappar måtte eg leita etter modellen for å se om jakken passa. Dette eg ein jakke eg skal prøva meg på igjen, einsfarga.

fredag 1. august 2008

Kva er dette?




Den rare dusklignende tingen i koppen er lotus te, ein dusk/blomst kan brukes fleire gonger. Mens den ennå er tørr ser den ut som eit peanøttskall laga av grannåler.

Idag var eldstemann, Silje og eg i Stavanger, der skulle eg ha fatt i vinde apparat og Tildas jul.
Hos husfliden var dei tomme for vinde app. og eg var innom to bokhandlarar uten å finne boka.

Hjem fra Stavanger hadde eg, 2 poser te, 4 stk te "blomster", nokre korstingbroderier til barn (Silje og Jeanette er i full gang med kvart sitt), og nokre t-skjorter.