tirsdag 25. mars 2008

Hakka sjal

Nærbilde av sjal, eg har bruka 5 farger i stripemønster. Er fornøyd med fargane.

Dei lange remsene skulle være knyttebånd men nå vil eg heller hekle/sy dei fast langs kanten.


Sjalet er hakka med 9 mm dobbel krok i iglo fra Europris.







onsdag 19. mars 2008

Igår gjekk avløpet tett, me fekk låne rør til å stake med hos rørleggaren.
Eg viste det var vannlås i sluken så kor skulle eg begynne? Som alltid ringer eg til far og han kunne fortelle att vannlåsen kunne tas ut, etter eit par minutt er eg gåen i armane og SO må overta. Etter ei stund har han fått vekk blokkeringen og det er åpent.

Me har begynt å henta stein, tomta er stor så det vil ta si tid. Det er ikkje mye hjelp i meg, etter ei kort tid rister h. hånd, eg får rykningar og beina blir ustøe. I løpet av sommaren håper eg å starte utredning på sykehuset.

fredag 14. mars 2008


Sist helg hadde me besøk av Frode og Anita (svoger og svigerinne). Anita hadde med seg symaskinen og bøker med påskepynt.
Eg sydde ei tevarmerhøne, når den får auer flytter den til mor mi. Anita sydde ei sittende høne og ei søt lita veske til påskeegg.

Nå har heile familien påskeferie, håper det blir oppholdsvær for da er det kjekkare å vera ute. Spesielt den eldste som har AD/HD trenger å røre seg.
Idag skal me ned til sjøen for å finne steinar som dei kan male.

fredag 7. mars 2008

Igår ommøblerte eg soverom og gjeste/arbeidsrom, eg har lenge vore misfornød med pulten oppe (min gamle) for den tar for mye plass der.
Nå har pult og hylla oppe bytta plass med data bordet og hylla som var nede.

Eg er ennå ikkje heilt ferdig med arbeidsrommet, "alt" blir sett inn her når det er i veien. Mengden garn må reduserast, det gjelder også for stoff og i ein stor plastkasse ligger mangen uferdige ting.

onsdag 5. mars 2008

Tigerstripa sokker


Sokkane mine er endelig ferdige, dei er strikka av opal på pinne nr.2. Hælen har eg rekka opp eit par gonger men nå er eg fornøyd. Dette er det andre paret sokkar eg nokon gong har strikka to like av.

Jobber intenst med Joann's Spencer (Shetlandsk ull undertrøye), mønster fra Norsk Husflid nr 5 2007. Strikker den i rosa bånsullgarn.